...
Illustrasjonsfoto frå Førdefestivalen 2009. Foto: Arkiv

Utvidar konsertverksemda

FolkJazzScena til Førdefestivalen utvidar med konsertar fleire stadar i fylket.

Birthe Johanne F. Finstad E-post
Publisert 22.09.2009 kl 12:59 Oppdatert 22.09.2009 kl 12:59

Tips ein venn på e-post:


FolkJazzScena er for både folkemusikk- og jazzgrupper, med konsertar om lag seks gonger i året utanom sjølve Førdefestivalen.

Tidlegare har dei fleste konsertane funne stad på Sunnfjord Hotell i Førde, men no vil arrangørane spreia folkjazz-konsertar til heile fylke.

To sognebygder

I haust er det Balestrand, Stryn og Flåm som står for tur, i tillegg til Førde, og for våren vert det jobba med fleire spelestader, opplyser Torill Gundersen Faleide i Førdefestivalen i ei pressemelding.

Første artist på programmet i haust er Unni Løvlid og trioen Seven Winds. Trioen består av Rolf-Erik Nystrøm på saksofon og Becaye Aw på vokal og gitar, og saman har sett musikk til Olav H. Hauge sine dikt. Stoppestad på turneen er konsert på Ciderhuset i Balestrand fredag 25. september og søndag 27. spelar i Anders Svor Museum og Kunstgalleri i Hornindal.

Feleduo i Flåm

Steinar Raknes, Ola Kvernberg, John Pål Inderberg og Håkon Mjåset Johansen inntek FolkJazzScena tysdag 6. oktober. Fire sterke jazznamn som leverer ein konsert det er verd å få med seg.

Og november byr på to konsertar med feleduoen Aslak Brimi og Erlend Viken frå Lom og Oppdal. Den 6. og 7. november har dei konsert i høvesvis Husstova på Sunnfjord Museum og i Flåm Samfunnshus.

I desember vert det gjensyn med Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken i Spindel. Dei to populære felespelarane kjem med fullt band, og skal ha konsert i Førde 3. desember.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.