...
BADEMØTE: Lusteringar viser stort engasjement både for og mot å byggja Luster bad. Ordførar Torodd Urnes reknar med mange tilhøyrar i kommunestyresalen. Foto: Arkiv

– Ei framtidsretta badesatsing

Ordføraren er overtydd om at eit Luster bad ikkje vil rasera velferdstilboda i kommunen.

Sigrid Svartefoss E-post
Publisert 22.09.2009 kl 08:23 Oppdatert 22.09.2009 kl 08:23

Tips ein venn på e-post:


– Eit stort fleirtal i formannskapet i Luster går inn for å byggja eit regionalt bade- og symjeanlegg i kommunesenteret Gaupne. For meg og dei andre som utgjer fleirtalet, er dei positive ringverknadene eit slikt anlegg vil få for kommunen, for næringslivet og for nyetablering og tilflytting avgjerande, seier ordførar Torodd Urnes (KrF).

Ikkje rasera

Ordføraren er overtydd om at badet vil gje god folkehelse, og vil vera med på å gje ei positiv og framtidsretta utvikling i ein kommune som har hatt stor nedgang i folketalet dei siste åra.

– Korleis kan politikarane vera så positive og gjera eit slikt vedtak når så mange bygder og privatpersonar protesterer?

– Det spørst kven som har den beste oversikta over dei økonomiske konsekvensane. Mange har stått fram i avisene dei siste vekene og vore skråsikre på meiningane sine. Nokre meiner at ei slik satsing vil øydeleggja alle velferdstilboda i Luster, og i tillegg rasera tilboda innan barnehage, skule, eldreomsorg osv. Noko slikt vil ikkje skje.

– Korleis kan du som ordførar vera sikker på at så ikkje skjer?

– Som politikarar skal me prøva å sjå samanhengen i dei ulike tiltaka. Luster Bad er ei tung investering, men kommunen greier det utan å rasera velferdstilboda. Det er politikarane sin jobb å prioritera mellom ulike tiltak til beste for innbyggjarane. Lista er lagd høgt for velferdstiltak i kommunen vår, me har mykje å gå på samanlikna med andre kommunar.

Folkerøysting

– Korleis stiller du deg til ei folkerøysting?

– Kommunestyret er valde av innbyggjarane. Me er valde til å ha oversikt over økonomistyringa, ta dei naudsynte vala, styra og ta avgjerder i enkle og kompliserte saker, og prioriteringar til beste for innbyggjarane. Eg er for demokrati, men ikkje for aksjonsdemokrati. Det er to år til neste val. Då skal innbyggjarane få seia si meining om kven som får halda fram.

– Rådmannen hadde ei lang liste over tiltak. Formannskapet har kutta mykje av desse tiltaka. Korleis går det i hop?

– Rådmann la fram rikeleg inndekning som politikarane kunne velja imellom. Formannskapet brukte lang tid på debatten og gjekk grundig inn i saka. Eg meiner formannskapet gjorde ein god jobb. Formannskapet reduserte lånebehovet med 20 millionar kroner ved bruk av fondsmidlar (Gullringenmodellen). Redusert lånebehov reduserer kapitalutgiftene. Einskilde budsjettpostar har me talfesta, andre innsparingar og inntekter har me peika på.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.