Har lagt ut underskriftslister mot Luster bad i mange butikkar i Luster.
Caroline Hauge frå Hafslo la i dag fredag ut underskriftslister mot Luster bad i butikkar på Hafslo, Luster, Skjolden, Fortun og Veitastrond.
Ut frå nettet
– Det er eit stort engasjement mot kommunen sine planar om badeland, med den negative effekten det vil få på kommuneøkonomien. Mykje av motstanden har vore samla på Facebook, men no synest eg det er på tide å få underskrifter ned på papir, slik at politikarane får sjå det før kommunestyremøtet torsdag, seier Caroline Hauge.
Ho fortel at det finst to grupper mot badeanlegget på nettsamfunnet Facebook. Dei er oppretta av folk frå Solvorn og Hafslo og har tilsaman fleire hundre tilhengjarar. Frå desse gruppene fekk Hauge ideen om ein underskriftsaksjon i butikkar rundt i kommunen.
Til tysdag kveld
Oppropet på listene er enkelt og greitt: «Mot Luster bad».
– Badeland er noko eg vil kjempa mot, og eg har fått klarsignal frå fleire som vil ha listene framme i forretningane sine, seier Hauge.
Fredag er listene lagt ut i butikkar og bensinstasjonar i bygdene Hafslo, Luster, Skjolden, Fortun og Veitastrond. Listene skal liggja ute til tysdag kveld, før dei vert samla inn og gjort klare for Luster kommunestyre.
Nye kommentarar