Ernst Veum stoler meir på rådmannen enn Alf Henning Evjestad i Gaupne bygdelag.
Den tidlegare ordføraren og Frp-politikaren Ernst Veum reagerer sterkt på påstandane til leiaren i Gaupne bygdelag, Alf Henning Evjestad, som meiner at badeanlegget vil heva Luster kommune.
Veit meir?
– Evjestad seier at kommunen har råd til å byggja badeanlegget utan at det vil merkast på dei andre kommunale tenestene. Kan og veit informasjonskonsulenten i Luster sparebank, Alf Henning Evjestad meir om kommuneøkonomien enn rådmannen? Evjestad klagar òg på at rådmannen berre fokuserer på kostnaden og negative følgjer av anlegget. Rådmannen skriv i saksutgreiinga at politikarane må plikta seg til å gå på kutt ved eit positivt vedtak om å byggja badeland. Er det negativt når ein får fram dei nakne fakta? Rådmannen har gjort det kommunestyret bad om, og dokumenterer kva konsekvensar badeanlegget vil få for andre kommunale tilbod. Eg stolar meir på rådmannen enn Evjestad, seier ein harmdirrande kommunepolitikar.
Den tidlegare ordføraren Ernst Veum reagerer på korleis leiaren i Gaupne bygdelag kan påstå at det er ingen problem for kommunen å byggja eit badeanlegg til vel 100 millionar kroner.
Er feil
– Leiaren i Gaupne bygdelag seier kommunesenteret har fått svi for den politikken som er førd. Det er feil. Evjestad må sjå på korleis Gaupne har utvikla seg sidan 1963. Då var det to butikkar i bygda, nokre gardar og potetåkrar. Eg har i alle år høyrt at det ikkje skjer noko i kommunesenteret. Utviklinga har vore kraftig, og det er bra, slår Veum fast.
Ikkje utan motstand
Veum reagerer sterkt på påstanden om at hadde badeanlegget vore tenkt plassert ein annan stad enn Gaupne, ville «Ernst stått fremst og applaudert».
– Det er å snakka mot betre vit. Som ansvarleg politikarar ser eg det viktig å halda oppe busetnaden i alle bygdene. Det har det vore brei semje om i kommunestyret. Men det har vore motstand frå Alf Henning Evjestad og krinsen rundt han. Eg viser til då samfunnshuset på Hafslo skulle byggjast. Først etter kraftige kutt vart det gjennomført. Eit samfunnshus som i dag er for lite, men har vore heilt naudsynt for at bygda og skulane skal vera liv laga, seier Frp-politikarane.
Snudde
– Du har snudd frå å vera ihuga talsmann for eit badeanlegg, til å vera ein like ihuga mot?
– Eg var for badeland til eg tok formannskapet med på synfaring til fleire badeanlegg. Då eg høyrde om driftsutgiftene og kor lite det hadde skapt av næringsaktivitet, la eg bort planane. Det verste med heile prosjektet er uvissa med m.a. driftsutgiftene. Anlegget vil kosta bortimot 100 millionar kroner, og årlege driftsutgifter på minst fem millionar. I tillegg kjem uvissa med både drifta og inntektene til dette badet.
Nye kommentarar