Formannskapet seier ja til Luster bad.
Etter timelange diskusjonar og drøftingar kom formannskapet i Luster fram til ei tilråding til kommunestyret med eit finansieringsopplegg for dei fem millionane for å drifta Luster bad. Det betyr at formannskapet tilrår at godkjenna forprosjektet.
Ny vurdering
Men det er ikkje full politisk semje for ei slik satsing. Mindretalet røysta for å senda saka attende til rådmann for ny utgreiing. Dei ønskte ei vurdering av eit rimelegare anlegg.
Formannskapet snudde mange steinar for å koma fram til ei løysing som var akseptabel. Stein Olav Njøs (Ap) var svært nøgd med vedtaket og meinte formannskapet hadde gjort ein skikkeleg jobb.
Bergljot Buskaker (Ap) og Sølvi Steig (Sp) var langt meir skeptiske, spesielt sett i lys av ein generelt strammare økonomi i Luster.
Les meir i Sogn Avis onsdag
Nye kommentarar