...
REAGERER: Alf Henning Evjestad reagerer på den negative fokuseringa på badeanlegget i Gaupne.

Lei negativ fokus

– Det planlagde badeanlegget vil ikkje øydeleggja Luster, men gjera kommunen meir attraktiv å bu i og flytta til, seier Alf Henning Evjestad.

Kai Martin Brekke E-post
Publisert 15.09.2009 kl 08:31 Oppdatert 15.09.2009 kl 10:30

Tips ein venn på e-post:


Han reagerer sterkt på utspelet til Ernst Veum i laurdagsavisa, som han hevdar er skremselspropaganda og eit forsøk på å skapa strid mellom bygdelaga.

– Hadde badeanlegget vore tenkt plassert ein annan stad enn Gaupne, trur eg Ernst hadde stått fremst og applaudert. Min påstand er at Ernst Veum aldri godvillig har støtta eit einaste prosjekt som har vore planlagt for å utvikla kommunesenteret, seier Evjestad.

Nøkternt anlegg

Evjestad meiner det ikkje har kome godt nok fram at det ikkje er snakk om å etablera noko badeland, men eit nøkternt anlegg med 25 meter basseng med stupetårn, samt eit behandlings og velværebasseng.

– Hovudmålet er å laga ein attraktiv møteplass for alle generasjonar tolv månader i året. Det treng Luster, seier Evjestad.

Utvikling

Han viser vidare til at det har vore arbeidd i rundt 20 år med badeanlegget og at framlegget som no ligg på bordet er tilrådd av ei tverrfagleg gruppe og fått støtte frå kommunane rundt.

– Får realisert badeanlegget vil heva kommunen og dra oss ut av ei bakevje, seier Evjestad og meiner satsinga er som hand i handske med måla kommunen har sett seg.

– Luster kommune har ambisjon om å bli meir attraktiv både for tilflyttarar, besøkjande og innbyggjarane ein har. No har ein sjanse til å bli det, og i tillegg skapa auka aktivitet i næringslivet, men denne realiteten blir no overskugga av skremselspropaganda. Det tykkjer eg er trist, seier Evjestad, og meiner kommunen har to vegar å gå.

– Ein må byrja prioritera satsingsområde, eller rotna på rot.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.