Har funne spor etter jarnvinneanlegg frå vikingtida, noko som er svært sjeldan i fylket.
– Funnet me har gjort i Øvstedalen er eit unikt funn i Sogn og Fjordane, slike anlegg er veldig sjeldne på Vestlandet, seier arkeolog Ingar M. Gundersen i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Det var under ei synfaring i samband med den nye kraftlinja mellom Fardal i Sogndal og Ørskog på Sunnmøre at funnet vart gjort.
Frå før kjenner ein til jarnvinneanlegget i vårt fylke berre på sørsida av Sognefjorden og på Filefjell. Men ifølgje Gundersen er det på Filefjell av ein noko annan tradisjon, medan funna på sørsida av fjorden er fåtalige.
Reiskapsproduksjon
Arkeologen fortel at dei først kom over jarnvinnarslagg – metalliske klumpar etter jarnproduksjon – på funnstaden.
– Slikt kan vera svært vanskeleg å sjå i terrenget, men etter dette fann me òg spor etter både tuft og enkelte groper som har samanheng med jarnproduksjon, opplyser Gundersen.
Undersøkingar arkeologane har gjort viser at anlegget er frå mellom 900 og 1040 etter Kristus. I slike jarnevinneanlegg vart myrmalm henta frå nærliggjande myrer og smelta til råjarn i omnar. Deretter kunne ein laga blant anna reiskapar av dette.
Ressurssterkt
– Generelt var slike anlegg viktige for den lokale økonomien. Dei mogleggjorde teknologiutvikling i form av reiskapsproduksjon, og at me finn eit slikt i Øvstedalen, tyder på at dette har vore eit ressurssterkt område, seier Gundersen.
Han fortel vidare at funnstaden no skal fredast og vernast mot fysiske inngrep.
– Dette funnet kjem ikkje i konflikt med, og vert ikkje skadd av, arbeidet med kraftlinja, difor gjer me ikkje anna enn å verna området i første omgang, seier han.
Gundersen håpar likevel at ein seinare kan få meir ut av funnet, gjerne i form at eit forskingsprosjekt, men han understrekar at dette førebels er berre på tankestadiet.
Nye kommentarar