Regjeringa held fram med å dela ut pengar i valkampinnspurten.
Regjeringa gjev 700.000 kroner til prosjektet ”Diktarvegen – riksveg 13 frå Jæren til Sunnfjord”.
Prosjektet skal etablera eit felles litteratur- og kulturnettverk og medverka til marknadsføring av regionen.
– Det er gledeleg at så mange kommunar går saman om å satsa på omdømmebygging med utgangspunkt i den litterære arven i regionen, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.
– Involver dei unge
Spor etter fem kjende forfattarar skal no losa deg langs riksveg 13 frå Jæren, gjennom Ryfylke, Hardanger, Voss, Sogn og til Sunnfjord.
– Eit mål med denne satsinga er å få unge til å etablera seg i Distrikts-Noreg. Derfor vil eg oppfordra prosjekteigarane i Diktarvegen til å involvera dei unge som ei sentral målgruppe. Eg har store forventningar til eit prosjekt som skal løfta fram både Per Sivle, Jakob Sande, Olav H. Hauge, Rasmus Løland og Arne Garborg, seier Meltveit Kleppa.