Rådmannen tilrår byggjing av Luster Bad.
Rådmann Tore Eriksen i Luster er positiv til realisering av badeanlegget Luster Bad i Gaupne.
Attraktivt tilbod
Han tilrår byggjing på visse vilkår, som mellom anna går på korleis ein skal dekka inn ei årleg meirutgift på minst fem millionar kroner.
Eriksen skriv i tilrådinga at "Anlegget vil kunne gje eit attraktivt tilbod for både fastbuande, besøkande og næringslivet og såleis bidra til god folkehelse og ei positiv og framtidsretta utvikling - både i kommunen og regionen."
Innsparing
I innstillinga har rådmannen òg med eit forslag til kva omstillingar og tilpassingar som bør gjerast for å dekka inn dei fem millionane.
– Planen legg til grunn utgiftsreduksjon innan barnehage, grunnskule, tekniske tenester, kultur og politikk/administrasjon, samt ei opning for utskriving av ålmenn eigedomsskatt – på eit relativt lågt nivå, skreiv Eriksen i eit lesarinnlegg i Sogn Avis laurdag.
I forprosjektet er kostnadsoverslaget på Luster Bad på 91,5 millionar kroner.
Saka skal opp i formannskapet den 15. september og kommunestyret den 24. september.
Nye kommentarar