Ny personleg rekord for junioren som har planar om å leggja opp etter stemnet.
Robert Øygarden Bøe frå Farnes skyttarlag har så langt overraska stort under landsskyttarstemnet på Evje.
Robert er snart 17 år og skyt i juniorklassen. Han har hatt planar om å leggja opp etter landsskyttarstemna, og førebuingane til storstemna har vore minimale.
To rekordar
Difor overraska han dei andre i skyttarlaget stort på søndagen, då han hadde 29/22 på feltskytinga. Kluss med magasinet på det siste skotet øydelagde sjansen for å klara 30 treff, men junioren diska likevel opp med ny personleg rekord.
Måndag slo han til med endå ein personleg rekord, denne gongen på baneskytinga.
Først skaut han feilfritt med 150 poeng på 15 skot. Men han måtte tåla 9,8 på dei to siste kneskota og enda dermed på 248 poeng – to poeng over den tidlegare rekorden sin.
Så no er det store spørsmålet om Øygarden Bøe verkeleg legg geværet på hylla etter landsskyttarstemnet. I alle høve skal han først til pers i finalane.
Nye kommentarar