...
LANG KØ: Mange ville handla på opningsdagen til Sognabui.

Lokale produsentar i ny butikk

Nytt tilbod på Håbakken.

Publisert 27.07.2009 kl 18:21 Oppdatert 27.07.2009 kl 18:21

Tips ein venn på e-post:


Mange møtte fram for å ta ein titt på den nye butikken på opningsdagen, som sel alt frå kleshengjarar og fiskeslukar, til bær og heimelaga karamellar frå lokale gardsbruk.

– Me har prøvd å samla alle dei lokale produsentane som sel gardsmat i småskala i ein butikk, seier dagleg leiar i Sogn Trading AS, Kjell Grøthe.

Sognabui har varer både frå nærområdet her i Indre Sogn, men også andre stader i nærleiken, som til dømes Voss.

– Fordi me handlar gjennom Lærdal Grønt har me alltid dagsferske grønsaker, seier Grøthe. Det er ein av dei store fordelane med å ha så mykje gardsmat i nærleiken.

Smaksprøvar

På opninga fekk dei frammøtte kaffi, blautkake, samt smaksprøvar på mellom anna spekemat og Balholm. Sognabui sel både geitost frå Underdal, laks frå Lærdal, lokal grønsaker og gourmetvarar. I tillegg har butikken ein del fiske- og friluftsutstyr, og suvenirar for turistane.

– Målet er å få både dei fastbuande og turistar som kundar. Dessutan er det mykje hyttefolk som køyrer forbi her, som er på veg til anten Filefjell eller Hemsedal, seier Grøthe. Sognabui kjem difor til å ha helgeope.

Dagleg leiar var nøgd med opninga, men trur det hadde vore endå fleire til stades om dei hadde opna ein søndag.

– Eigentleg var det planen, men opninga vart utsett litt. Men det kjem sikkert til å vera jamnt med kundar utover dagen.

Butikk og varehotell

Grøthe fortel at dei har samla litt av kvart i Sognabui for å gje butikken eit større spekter, men også fordi det løner seg økonomisk. Sogn Trading AS kjem også til å opna eit varehotell på Håbakken, som vil ha døgnutleige av kjølerom, frys, nedskjæringsmaskinar og liknande. Dei kjem også til å selja til dømes vakuummaskinar og emballasje til hotellnæringa, restaurantar og fiskeindustrien, opplyser Grøthe.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.