Ei reise langs fjorden på gamlemåten.
– Fysioterapeuten sa til meg at eg måtte skaffa meg eit roapparat, men eg lurte på om ikkje ein robåt ville gjera same nytten, og det var ho samd i, smiler Leif Arne Aasen.
Sidan 1992 har han rodd frå Sogndal til Aurland tolv gonger, og torsdag 25. juni var oppstarten for årets rotur.
Som forfedrene gjorde
Saman med kamerat og båteigar Sigvart Høl la Aasen ut frå Naglatun i Sogndal i strålande sommarvêr torsdag. Etter overnatting i telt på Aksnes var dei to framme i Voldebu i Aurland fredag.
På vegen møtte dei både cruiseskip, turistar, storslagen natur og ei pæreskinke.
Sjå rokarane sine eigne bilete i biletserien til høgre.
– Eg blei så fascinert første gongen eg rodde denne turen, og tankane mine gjekk tilbake til forfedrene mine på Fimreite, i Humleposen og i Fresvik. Den gong måtte dei jo alltid ro når dei skulle på besøk til kvarandre, seier Aasen, som no ror både tett og ofte, både kortare og lenger turar.
Og det roapparatet har han aldri kjøpt seg.
Nye kommentarar