Janniche Hilleren (28) er trebarnsmor og forfattardebutant.
Korrespondanseskyting Knipenborg
Km langdistanse lagrenn på Langeland
Send inn foto frå "kom deg ut"-dagen 7. februar til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982
Les meir| Publisert 29.06.2009 kl 08:23 Oppdatert 29.06.2009 kl 08:23 |
Det starta med brevvenner og godnatt-historier for dottera. No er barneboka «Trollet under trappa» snart å finna i butikkhyllene.
Små historier
Etter mykje oppmoding frå vener og bekjente, bestemde Janniche seg for å gje skrivinga eit forsøk.
– Sidan dottera mi Celina var to, har ho vore oppteken av historier og eventyr, og eg har lese mykje til ho. Etter ei stund tenkte eg at dette kunne då ikkje vera så vanskleg. Difor byrja eg å dikta opp små historiar til ho som ho tykte var stas, og sendte dei til forskjellige forlag. Eg fekk veldig bra respons for ei av historiene mine, og forlaget Omnipax bestemde demed at eg skulle få gi ut ei bok.
– Kva handlar boka om?
– Historia var ganske tilfeldig, den handlar om eit troll som bur i ein kjellar, som skal førestilla huset vårt. Jenta i historien, Celina, er redd for dette trollet for ho trur det er så stort og farleg. Ein dag listar ho seg likevel ned i kjellaren, og oppdagar at det er eit fint lite troll, Tussetrollet, og dei blir vener.
Inspirasjon
I tillegg til god fantasi, har ho fått mykje inspirasjon til skrivinga på heimebane, og hovudpersonen i boka er oppattkalla etter eldstejenta.
Når ein spør kva Celina sjølv tykkjer om resultatet, er det ei bestemt jente som svarar.
– Ho Celina i boka er heilt annleis enn meg. Eg har ikkje mørkt hår sånn som ho, og ikkje har eg briller. Nei, ho liknar ikkje på meg i det heile tatt. Ho har forskjellige klede til og med. Trollet var nok det som var tøffast i boka, seier ho og viser fram illustrasjonen.
Nøgd
I tillegg til å vera småbarnsmor jobbar Janniche på Norlandia i Sogndal nokre dagar i veka.
– Eg har akkurat passeleg mykje å gjera på. No har det vore eindel fokus på arbeidet med boka, så det blir spennande å få litt fleire tilbakemeldingar. Familie og vener har ivertfall lete vel om boka, og tykkjer det er moro. Det har våre ein lang prosess å få boka ferdig så det følest godt å endeleg kunne sjå det ferdige resultatet.
Vidare planar
Den ferske boka vil bli lansert på Norlandia 1.juli, men bokplanane stoppar ikkje her.
– Det blir spennande å få litt respons, for eg veit ikkje kva eg kan venta meg. Me har allereie planar om ein oppfylgjar, der trollet vert med oss på flyttefot. Historia er klar sjølv om ho ikkje er kome på papiret enda, og forlaget er i alle fall positive, fortel forfattardebutanten.
Send inn foto frå den flotte og kalde vinteren vår til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982
Les meir
Nye kommentarar