Politifolka i fylket har fått nytt hovudkvarter.
Fornyingsminister Heidi Grande Røys erklærte det nye politihuset til Sogn og Fjordane politidistrikt for offisielt opna i dag fredag.
Ministeren, som sat i Flora formannskap den gongen lokaliseringsdebatten for politihuset pågjekk, hadde den høgtidelege oppgåva som snorklyppar.
Huset ligg ved Fugleskjærskaia like ved det gamle politihuset og har vore i bruk sidan like før jul 2008.
Eit hus for framtida
I strålande sommarvêr var byråkratar, politikarar og tilsette på politihuset samla til ei offisiell opningsmarkering.
– No har me fått eit politibygg for framtida, skreddarsydd for våre behov, sa politimeister Johan Brekke, som konstaterte at mange av dei tilsette har fått ein betre kvardag etter at dei flytta inn i toppmoderne lokale.
I tillegg til politifolk, har òg Alarmsentralen og Friomsorga i fylket flytta inn i det nye huset. Om lag 90 personar har i dag sitt daglege arbeid i politihuset.