Planlegg meir kraft i Jostedal

Statkraft Energi har sendt melding til NVE om overføring av Vestsideelvane og utbygging av Vigdøla kraftverk.

Renate Sæle E-post
Publisert 25.06.2009 kl 15:32 Oppdatert 25.06.2009 kl 15:32

Tips ein venn på e-post:

...
MEIR KRAFT: Vassdøla og Sperlestølen til venstre og Liadøla til høgre. Foto: Statkraft

Statkraft ynskjer å utnytta gjenverande vasskraftressurser i Jostedalen og Statkraft hevdar prosjekta vil gje omlag 175 GWh ny energi.

Åtte elvar

Prosjektet innebærer ei overføring av åtte sideelvar frå vestsida av Jostedalen til Leirdøla kraftverk. Eksisterande tunnelar, kraftstasjon og øvrig infrastruktur kan nyttast. Flaum har tidlegare ført til omfattande skader på bustader,vegar, bruer, driftsbygg og dyrka mark og det har lenge vore eit ynskje å overføra vatn frå desse elvene til Leirdøla kraftverk, heiter det frå Statkraft.

Eksisterande anlegg

Dei meiner ein av fordelene med prosjekta er at eksisterande produksjonsanlegg og infrastuktur knytt til Leirdøla- og Jostedal kraftverk kan nyttast i stor grad. Dette reduserer naturinngrepa og gir ein svært effektiv utnytting av tilgjengeleg vatn, meiner kraftprodusenten.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.