...
TIL SOGNDAL: Vik-spelaren Gustav Valsvik skreiv i går under for Sogndal. Foto: Gunnar Kleven

Gustav Valsvik klar for Sogndal

Skreiv under for klubben i går.

Endre Romøren E-post
Publisert 09.06.2009 kl 10:21 Oppdatert 09.06.2009 kl 10:33

Tips ein venn på e-post:

Valsvik skreiv under for Sogndal etter kampen mellom Vik og Sogndal II måndag kveld.

Dette bekreftar sportsleg leiar og trenar for Sogndal, Karl Oskar Emberland.

– Gustav har skrive kontrakt med oss ut 2012, og me er glade for å få han til klubben, seier Emberland.

Valsvik skal spela for Vik ut sesongen, før han offisiellt vert medlem av Sogndal sin a-stall frå 2010.

Stortalent

Valsvik har vore sett på som eit stortalent i fleire år, og fekk i vinter sin debut på det norske U16-landslaget. I mars var han med Sogndal på deira to veker lange treningsleir på La Manga, der han spelte ein knapp halvtime i kampen mot Nybergsund-Trysil.

– Gustav er stor, sterk, har god speleforståing og ein bra venstrefot. Han er ein spelar me har god tru på skal verta ein framtidig a-lagsspelar for Sogndal, seier Emberland.

Kompensasjon

Sogndal vil ikkje ut med kva overgangssum Vik får for spelaren, men dagleg leiar Yngve Hallén bekreftar at Vik vil få kompensasjon.

– Regelverket seier at moderklubben skal ha kompensasjon for trening og utdanning av spelaren. Vik har fått ein sum av oss som er vesentlig større enn det me er pålagde å betala, då me tykkjer det er viktig at moderklubbane får att for den jobben dei gjer med talentutvikling, seier Hallén.

På framsida no


...

– Eg er i knallform

Øyvind Heiberg Sundby har vore raskast i fleire av motbakkeløpa i fylket denne sommaren. Målet framover er fleire NM-gull.

...

Trippeldrap i retten over nyttår

– Det er ei stor tilleggsbelastning for dei pårørande, seier bistandsadvokat Maria Kirkeeide Ravnå.

...

Opna nye bruer på historiske vegar

Over hundre menneske hadde møtt opp for å ta dei fyrste stega langs den nyrestaurerte turvegen frå Honingane opp til Maristova.

com.sun.jersey.api.container.MappableContainerException: freemarker.core.InvalidReferenceException: The following has evaluated to null or missing: ==> data.properties['visiolink_epages_publication_name'] [in template "components/global/footer/all.ftl" at line 31, column 62] Tip: If the failing expression is known to be legally null/missing, either specify a default value with myOptionalVar!myDefault, or use <#if myOptionalVar??>when-present<#else>when-missing. (These only cover the last step of the expression; to cover the whole expression, use parenthessis: (myOptionVar.foo)!myDefault, (myOptionVar.foo)?? The failing instruction: ==> ${data.properties["visiolink_epages_p... [in template "components/global/footer/all.ftl" at line 31, column 60]