Vil ha styrkt norskopplæring

Noregs Mållag vil ha betre norskopplæring for innvandrarar.

Publisert 31.05.2009 kl 12:44 Oppdatert 31.05.2009 kl 12:44

Tips ein venn på e-post:

...

Norskopplæringa for innvandrarar må styrkast

Regjeringa ynskjer å innføra ein statsborgarprøve der ein må kunne skriftleg norsk.

– Uavhengig om regjeringa får gjennomslag for kravet om norskkunnskap, så må det finnast eit fullgodt nynorsk alternativ for innvandrarar som skal læra seg norsk. I dag finst det ikkje eit slikt tilbod, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Nynorskkommunar har i lang tid pressa på for betre opplæringsmateriell i nynorsk for vaksne innvandrarar. Fleire har teke kontakt med Mållaget for å undersøkja om det finst slikt opplæringsmateriell, men det er lite og svært mangelfullt.

– Det betyr at dei innvandrar som buset seg i ein av dei over hundre nynorskkommunane her i landet ofte blir tvungne til å læra seg bokmål. Dette hindrar ei fullgod integrering. Det skapar problem når ein skal skaffa seg arbeid. Det skapar problem når ungane lærer seg nynorsk på skulen, noko foreldra ikkje har fått opplæring i, seier Øvregård.

– Uansett om det blir ein obligatorisk prøve eller ikkje, må det kome eit løft i norskopplæringa for innvandrarar. Nynorsk læremateriell må på plass, seier Øvregård.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.