...finn ein gull. Les kva Sogn Avis sin meldar seier om Karl Seglem si nyaste plate.
Om det er sant, det med regnbogen og gullet, har Karl Seglem komen vel fram på andre sida.
Men for å finne retninga, har han plukka opp den viktigaste rikdomen som låg i jazzlandskapet sine mange krikar og krokar.
Årdølen si 25. plate, NORSKjazz.no, er ikkje som ein hadde venta. Men kva er det? For å seie det på tv-reklamespråket: «Jo, det er bra».
Sei di meining om plata i kommentarfeltet under.
Tidlegare har jubilanten Seglem halde seg både utanfor og innanfor strekane når han har teikna lydbilete. Teiknestiftane han har brukt er mange og ulike, og har på dei gamle arka vorte ei blanding mellom jazz, folketonar og internasjonal musikk.
Med verktøy som bukkehorn har han skapt seg eit namn, men det er med hovudinstrumentet tenorsaksofon at musikken verkeleg blir laga. Heimekoseleg, ein nydeleg klang samt improvisering på høgt nivå, er slik dei fleste skildrar musikken som strøymer ut når årdølen svingar saksofonen.
Han er også kjend utanom dette feltet. Men då som diktar, komponist og produsent. Likevel er det nok som ein av dei store pionerane innan norsk jazz, at «alle» kjenner til Karl Seglem.
NORSKjazz.no er namnet på den siste plata som på måndag vart sleppt i butikkane. «Eg hadde lenge hatt ein inspirerande draum om å spela inn eit akustisk album med kvartett. Kanskje heilt sidan starten på det frilanslivet eg har levd sidan 1985», står det i introen til CDen.
At han har nådd målet sitt, takkar han Eple Trio for, det er desse han spelar saman med på den siste plata. Dei tre musikarane Andreas Ulvo på piano, Sigurd Hole på bass og Jonas Howden Sjøvaag på trommer og perkusjon har ifølgje Seglem «vore med å høyrleggjera ein draum».
Personleg vil eg også takke denne fruktige trioen. For som det er for alle lyttarar, er det også i jazzen mogleg å dela desse inn i kategoriar. Ihuga lyttarar, udefinerte lyttarar og lite mottakelege lyttarar. Som ein i midten av desse, kan eg takka Eple Trio for å hjelpa Seglem til og gjera jazzen hans lettare å skjønne seg på. Det seier seg sjølv at ein ihuga jazzentusiast kjøper alle Seglem sine jazzplater og har alltid gjort det. Men nytt i år er nok at også den udefinerte kategorien mest sannsynleg tek opp ein stor del av kjøparar av Seglems siste plate. Noko som kanskje ikkje er like sjølvsagt.
Fyrst ut på NORSKjazz.no er ein «fado» frå Portugal med det skildrande namnet «Portugalsong». Av dei sju spora på plata, er denne saman med den tradisjonelle norske folketonen «Året hallar», dei einaste songane som ikkje er komponert av Seglem sjølv. På «Portugalsong» kjem ein flytande inn på ei behageleg, roleg og skummande bølgje. Ein kan verkeleg kjenne at ein finn tilbake til eit rom fylt med fred som også vert vidareført til «Nattsong.
Etter kvart som eg lyttar til songane, kjem det ei vanskeleg kjensle sigande. Med eitt føler eg for å grina sjølvstundes som eg er lukkeleg og glad. Det er rørande vakkert samt deilig oppløftande. Men som det er på dei fleste hav, kjem også høgintensitetsbølgjene. Det riv og ruskar i meg når eg speler av songen «Lull» som faktisk er det heilt motsette av det namnet tilseier. Her kjem Eple Trio verkeleg til sin rett, og byggjer skikkeleg opp til den siste intense bølgja som Seglem (utan ei mine) fint ror i land.
At innspelinga av plata er gjort «live» er truleg årsaka til at Seglem sin klang så enkelt finn vegen til eit klassisk, nydeleg og melankolsk samspel med Eple Trio. Saman har dei opna ei bakdør i jazzens mystiske verd.
NORSKjazz.no, er som albumet seier norsk jazz nett no, der Karl Seglem verkeleg bryt med tidlegare utgjevingar samstundes som han finn rom til å utforske endå meir. Eg håpar jazzmusikaren frå Årdal til sist finn ut at vegen etter regnbogen berre held fram i det uendelege.
Nye kommentarar