...
PRESENTASJON: Under årets Balejazz presenterte Karl Seglem og Eple Trio den nye plata som kjem på måndag. Foto: Renate Sæle

Samarbeider med ny trio

Karl Seglem kjem med ny plate måndag.

Birthe Johanne F. Finstad E-post
Publisert 19.05.2009 kl 10:59 Oppdatert 19.05.2009 kl 11:15

Tips ein venn på e-post:

...
EPLE: Det er første gong Seglem har spelt inn plate med Eple Trio, men han utelukkar ikkje vidare samarbeid. Foto: Sigrid Svartefoss

Karl Seglem er ein av dei største jazzmusikarane her i landet, og neste veke kjem det nytt materiale frå årdølen.

Nytt uttrykk

I samband med at plata "Norskjazz.no" blir sleppt førskomande måndag 25. mai, har PVest sin radioreporter Roger Allan Ivin teke seg ein prat med musikaren.

Den nye plata til Seglem har eit musikalsk uttrykk som skil seg klart frå det han har gjort før.

Høyr intervjuet og smakebitar frå plata her.

Positivt møte

Her snakkar årdølen blant anna om det nye samarbeidet med Eple Trio, som han gjev ut plata saman med. Han fortel om eit positivt møte med dei yngre musikarane var, og om korleis han har fått nye impulsar og innfallsvinklar.

Seglem snakkar i intervjuet òg om korleis utlandet tek imot musikken hans, korleis det er å jobba mykje innan skulen og med skuleungar, og han fortel korleis den nye plata har blitt til.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.