20 sognehjortar har fått klave rundt halsen. Du kan følgja enkelte av dei på nett.
|
Renate Sæle
E-post
|
|
| Publisert 15.04.2009 kl 09:41 Oppdatert 15.04.2009 kl 10:00 |
– Me har fått merkt fleire dyr enn forventa, seier viltforvaltar Maria Knagenhjelm i Luster kommune, som tykkjer det er bra å få merka så mange hjortar på ein vinter i regionen.
Hjort på nett
I vinter har 17 dyr fått halsband rundt halsen i Luster, Sogndal og Leikanger, det siste var ein bukk på Eikjastrondi i Marifjøra i påska. I tillegg har tre vikjahjortar blitt merkte i prosjektet Hordahjort. Eit av hovudføremåla er å sjå korleis hjorten forflyttar seg og oppheld seg gjennom året.
Nokre av dyra, to dyr i Sogndal, to i Luster og alle i Vik er såkalla gsm-merkte. Kvar desse dyra oppheld seg kan ein dagleg følgja med på på nettsida for prosjekta.
– Me begynte å få inn datapunkt 14 dagar etter sjølve merkinga, seier Knagenhjelm.
Om du følgjer denne linken, kan du òg sjå kvar sognahjortane held seg: http://webgis.no/SognHjort/
(Virkar ikkje like godt i alle nettlesarar, men fungerer i alle fall i
Firefox.)
Kunnskap om trekkruter
Veterinær Olav Hermansen har vore med og merkt dyra. Han seier dyra kan peilast inn, og folk har observert hjortar med halsband eller klave ute i terrenget.
– Alle unntatt eitt er sett, seier Hermansen.
For hjortane utan gsm-merking, må ein venta til klaven er fjerna før ein får ut informasjon om kvar dei har vandra.
– Dyra som er merkte på Kaupanger skal gå med klaven rundt to år, i Luster skal dei gå noko kortare. Så blir databrikka sendt til Universitetet i Oslo som hentar ut informasjonen, seier Knagenhjelm, som tykkjer det er spennande å få meir kunnskap om hjorten sine trekkruter.
Etter kvart skal denne trekkruteinformasjonen kombinerast med vegetasjonsanalyse. Såleis kan ein finna ut meir om arealbruken til hjorten, mellom anna kvar dei oppheld seg og dermed kva vegetasjon bukkar og koller føretrekk på ulike årstider.
Nye kommentarar