Stamveg, diktarveg og turistveg - tre sider av same sak.
Spor etter fem kjende forfattarar skal no losa deg langs rv 13 frå Jæren, gjennom Ryfylke, Hardanger, Voss, Sogn og til Sunnfjord.
Litteraturruta
Målet er å etablera den første litteraturruta i Noreg, der forfattarane Arne Garborg, Rasmus Løland, Olav H. Hauge, Per Sivle og Jaob Sande og deira lokale senter skal vera ryggraden. Her skal ein syngleggjera arbeidet deira på stoppunkt langs turistvegen, samarbeida om kulturprosjekt og pedagogiske opplegg, utvikla felles litteratunettverk, tilretteleggja fysiske utstillingar og å styrka ruta som indre stamveg. Ein legg no grunnlaget for å utvikla og formalisera diktarvegprosjektet til å bli ein ressurs for nærings - og utviklingsarebeidet i 16 kommunar, 5 regionar og 3 fylkeskommunar. Målet er å nytta kulturkapitalen etter dei fem forfattarane til noko positivt og utviklanda for framtida.
Konferanse
15. og 16. april vert det diktarvegkonferanse på Rica Brakanes Hotell i Ulvik. Her deltek til dømes: Mona Hellesnes, ordførar i Ulvik herad, Solfrid Borge, leiar i Hardangerrådet, kommunal - og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa, Torfinn Opheim, stortingsrepresentant Ap, Roald Bergsaker, prosjektleiar for IS Fjordvegen og leiar av rådet for Nasjonalt Garborgsenter, kommunikasjonsdirektør i Sparebanken Vest Jørn Lekve, forfattar Lars Over Seljestad, professor ved Høgskulen på Lillehammer, Håvard Teigen og seniorforskar ved Nordlandsforskning, Dag Jørund Lønning.
Nye kommentarar