Palmerevyen til Leikanger Mannskor er flytta opp i ein ny divisjon, og har alt det beste med seg frå gamle dagar.
Best av alt vart dette illustrert då dei to «misterane Palmerevy» framfor nokon, Odd Njøs og Ola O. Henjum, inntok benken med kvar si avis i ein glitrande dialog etter opningsnummeret denne historiske laurdagskvelden i Saften, då Leikanger Mannskor for første gong testa bygda si nye storstove.
Femti år etter første gongen, var dei to eldre revyherrane slagferdige på ein måte som traff alle i den fullsette salen midt i magen.
Det var ei rørande stund med dei to veteranane i fokus i heilt nye omgjevnader. Ola og Odd knytte banda attende til starten i Leikvang på ein fin måte og då komande mannskorgenerasjon – representert ved dei tre tenåringar Helge, Halvard og Odd Ivar kom for å få veteranane i seng, var banda inn i framtida knytta.
Slik kom faktisk eitt av høgdepunkta nesten med ein gong i tidenes første revy i «Saften».
Det blir ikke den siste.
Mannskoret har knapt vore i betre form, noko som er svært imponerande med tanke på alt stresset karane har hatt dei siste dagane med tankje på dei framleis litt uferdige lokala.
Alt var ikkje heilt ferdig, men meir enn nok til å vise fram den nye dimensjonen og altso divisjonen som flyttinga plasserer Palmereyen i. Den gir spennande framtidsutsikter.
Innimellom sakna me kanskje snerten frå Svein Mardal sin penn i nokre av tekstane, men toalt sett var det ein glitrande premiere i Saften.
Dei to veteranane er alt nemnde, men bak gror det no fram nye i revytalent heilt ned i tenåra. Det var det moro å registrera.
Me kan heller ikkje hugsa å ha sett ein revy med betre dansekoreografi enn denne premierkvelden i Saften.
Ungjentene Ingrid Hjeltnes og Katrine Fjøsne har gjort ein kjempejobb med mannskoret.
Elles var det, som vanleg, tett mellom høgepunkta. Her fekk både Louis Anda (Haavard Stensvand) sitt i Deep snow driller thriller, Marta Finden Halset (Henning Rivedal) fekk sitt då ho prøvde å dra med seg anneksa i kommunen til Hordaland, og ikkje minst Egon Moen forkledd som Edith Piaff i Bjørn Sørheims skikkelse i «Eg angrar ingenting»...
Men det saftigaste intrykket gjorde utvilsom Ola Borlaug og Ole Ingar Lægreid som giftekåt par på jakt etter hjelp hjå prest Ingemår Fosshagen.
Det var rett og slett ein strålande revypremiere for ein fullsett sal, 360 nøgde publikummarar som takka med ståande applaus. Også for eit glitrande revyband.
Viss du treng eit humørløft no i inngangen til påska, ta turen til Saften. Det er faktisk fleire grunnar til akkurat det, lokalitetane er åleine verdt eit besøk.
Men den beste grunnen finn du oppe på scena...
Nye kommentarar