Presenterte kalde fakta om villreinnedgangen. No skal det setjast i verk tiltak.
Vi takkar lesarane våre for alle dei flotte nyttårsbileta vi har fått inn.
Les meir
Studentane i Sogndal nyttar kviledagen til å lauge seg i vinterkalde Sognefjorden.
Les meir| Publisert 30.03.2009 kl 14:19 Oppdatert 30.03.2009 kl 14:19 |
Fjelloppsyn Einar Fortun kunne mellom anna fortelja og fotodokumentera sjuke dyr og dyr drepne av jerv på eit møte i regi av fylkesmannen i førre veke.
Temaet var den store reduksjonen av villreinstammen i Vest-Jotunheimen.
Roy Andersen driv mellom anna med villreinovervaking ved Norsk institutt for naturforsking (NINA). Han ser ingen klare årsaker til nedgangen og tala Fortun kunne presentera på møtet.
Ulike teoriar – få svar
Mange teoriar har vore framsette om kvifor villreinstamma, trass i jaktstogg dei siste åra, opplever sterk nedgang. Vest-Jotunheimen villreinområde strekkjer seg frå halvøya mellom Luster og Årdal og innover i Hurrungane.
Området er prega av kraftutbyggjingar og to sommaropne fjellovergangar, Årdal-Turtagrø og Sognefjellsvegen. Klimaendringar som snøsmelting som gir reinen mindre ly for insekt, dårlege beite og jerveproblem har vore mellom grunngjevingane for kvifor bestanden har gått ned.
Tiltak
Blant tiltaka som no skal setjast i verk for å undersøkja villreinstamma sin tilbakegang er nær oppfølgjing av kalvinga. Ein vil òg laga informasjonsmateriell om korleis folk skal oppføras seg i nærleiken av villrein.
I tillegg planlegg Statens naturoppsyn å vera ute og observera aktivitet og informera folk om villrein når det er store arrangement – som High Camp på Turtagrø – i området.
Send inn foto frå den flotte, men akk så kalde vinteren vår til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord Sotips til 1982
Les meir
Nye kommentarar