Mykje folk er samla til Heggmyri Rett Ned.
Starten for rennet Heggmyri Rett Ned gjekk klokka 14.00. Då var det dei yngste som stod på startstreken.
Seinare på dag er dei dei eldste sin tur og nederst i bakken er der samla mykje folk som kan følgja løparane på storskjerm.
Det er andre året Heggmyri Rett Ned blir arrangert, og rennet er eit samarbeid mellom Luster Telemark, Hafslo Alpint, Sogn Skisenter og Lurkarlaget.
Løparane startar på 1007 meter over havet og køyrer om lag halve løypa i laussnø før dei kjem ned i den preppa bakken.
Knall sol og plussgrader gjer dagen i skibakken til ei glitrande oppleving.
Nye kommentarar