Sjå bilete frå hjortemerking på Kaupanger.
Vi takkar lesarane våre for alle dei flotte nyttårsbileta vi har fått inn.
Les meir
Studentane i Sogndal nyttar kviledagen til å lauge seg i vinterkalde Sognefjorden.
Les meir| Publisert 10.03.2009 kl 15:51 Oppdatert 10.03.2009 kl 15:51 |
Merkjepionér her i fylket, Hallvard Flatjord og veterinær Olav Hermansen er på jakt. Ikkje for å skaffa middag, men for å setja halsband på vandrande hjortedyr.
Skal kartleggjast
Målet er å merka dyr som ein trur trekkjer over store område, teorien til lokalkjende går ut på at hjorten på Kaupanger gjerne kan vandra til Veitastrond eller Jostedalen sommarstid. At dyra forflyttar seg mellom til dømes årdalssida og Kaupanger er heller ikkje usannsynleg, hjortane sym godt.
Veterinær Hermansen sit fremst i bilen. Han må sikra godt skothald, bedøvingsmiddelet i pila er tilpassa avstand på 10–20 meter og pila går ikkje så fort. Alt etter kjønn og storleik på dyret som skal merkast, blir dosen tilpassa og innstilt på behageleg søvn slik at prøvar, merking og veging kan unnagjerast.
Les heile hjortereportasjen i papirutgåva av Sogn Avis i dag.
Send inn foto frå den flotte, men akk så kalde vinteren vår til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord Sotips til 1982
Les meir
Nye kommentarar