...
BRUBYGGING: Her får me lov av grunneigaren å bygga bru, seier Ottar Wiik. Dermed blir Hopperstad stavkyrkje i bakgrunnen lett tilgjengeleg frå den nye turvegen. Foto: Gunnar Kleven

Ny turveg langs elvane

– Den planlagde turvegen blir ei historisk vandring med høg kvalitet.

Gunnar Kleven E-post
Publisert 03.02.2009 kl 14:18 Oppdatert 03.02.2009 kl 14:18

Tips ein venn på e-post:

...
VED VIKJA: Orvedals mølle. Foto: Gunnar Kleven
...
VED HOPRA: Brødrehaugane. Foto: Gunnar Kleven

Det meiner prosjektleiar Ottar Wiik om turvegen langs elvane Hopra og Vikja i Vika. Han trur på eit første byggesteg neste år.

– Me har fått eit bidrag frå Statkraft som støttar turvegen med 150.000 kroner. Me har også håp om å få tippemidlar i år til den første biten av turvegen, seier Ottar Wiik.

Fem kilometer

Borgstova, Brødrehaugane frå vikingtida, Askealléen i Kålhagen, Tamburhola, Hopperstad stavkyrkje, Hopperstadtunet, Moahaugane, Hove steinkyrkje, Orvedals mølle og tilbake til Vikøyri og strandsitjarmiljøet.

Den fem kilometer lange turvegen er proppa med kulturminne, no skal ein veg med grusdekke knyta kulturminna i hop. Parsellen langs Hopra får òg veglys.

Bru i Kålhagen

Den første etappen på 1.4 kilometer er årets utfordring. Ikkje heile lengda blir ny, eksisterande vegnett som til dømes langs Vik stadion, skal inngå i heilskapen.

– Her er me ved aksen med spesielt tunge kulturminne, seier Ottar Wiik ved Hopra og Hopperstad stavkyrkje i bakgrunnen.

Han har Ola Hopperstad med på laget, grunneigaren seier ja til bygging av ei bru i den markerte svingen i Kålhagen. Brukarane skal kunne ta seg enkelt opp til mellomalderkyrkja og klyngetunet kloss ved.

Promenade

Vikøyri, Granden og strandsitjarmiljøet fyller opp mellom Hopra og Vikja. På sjøsida av riksvegen er tanken å byggja strandpromenade som vil gjera at turvegen blir samanhengande.

Arbeid med turvegar i Vik er ein del av prosjektet Utvikling rundt kulturminne i Vik og er støtta av fylkeskommunen og Kommunal- og regionaldepartementet.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.