...

Dømd for overgrep

Den vesle jenta vart truga på livet dersom ho fortalde sanninga om overgrepa.

Siste nytt frå sporten

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 13 Vikafjellet
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 20 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Rv 15 Måløy - Nordfjordeid, ved Haugland
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
Eli Grotle
Publisert 14.01.2009 kl 14:23 Oppdatert 14.01.2009 kl 21:27

Tips ein venn på e-post:

Allereie frå før ho runda fire år vart den vesle jenta utsett for gjentekne grove seksuelle overgrep frå ein tenåring i familien. Då saka gjekk for Sogn tingrett i mai, nekta tiltalte all straffskuld. Både for overgrepa mot den vesle jenta og to andre gutar i familien.

Sogn tingrett konkluderte med at den unge tenåringsguten var skuldig i fleire overgrep og dømde han til fengsel i 1 år og 9 månader på vilkår.

Anka

Heile dommen vart anka og var nyleg til ny behandling i Gulating lagmannsrett. Forsvararen til guten gjorde gjeldande at heile saka vart tufta på interne familiestridigheter og at forklaringane som dei fornærma hadde gitt ikkje var truverdige.

Lagmannsretten fekk ta del i ei rekkje vitneforklaringar i tillegg fekk dei sjå dommaravhøyr av jenta der ho skildra kva overgrep ho hadde blitt utsett for. Både heime på sitt eige rom og på besøk hjå andre familiemedlemmer.

«Jenta har forklart at ho var utsett for trugsmål om drap, lekamsskade og skadeverk frå tiltalte. Tiltalte truga også med at ho ville komme i fengsel om ho fortalde om overgrepa», heiter det i dommen frå lagmannsretten.

Ikkje skjedd

Tiltalte har i si forklaring for lagmannsretten nekta for at det har skjedd noko overgrep. Han har forklart at hadde eit godt tilhøve til jenta og foreldra hennar, og kan ikkje forstå kva grunnlag anklagene om seksuelle overgrep. Han sa han ved fleire høve hadde passa jenta, men at det aldri hadde skjedd noko overgrep verken mot ho eller dei to gutane. Han vedgjekk at han hadde synt dei to små gutane pornoblad, men utover det var det ikkje noko seksuell aktivitet.

Lagmannsretten finn derimot ingen grunn til å tvila på forklaringane til verken jenta eller dei to gutane og det er heller ikkje noko som tyder på at dei er blitt påverka av andre til å forklara seg slik eller at forklaringane er fri fantasi. Retten meiner at tiltalte må domfellast på alle tiltalepunkt. Han har vore klar over alderen på dei fornærma og at difor har handla med forsett.

Straff

For straffeutmålinga gjer det utslag at tiltale var under 16 år då han utførte dei straffbare handlingane. Lagmannsretten er samd med tingretten i at fengsel i 1 år og 9 månader er ei passande straff. Dommen er på vilkår med ei prøvetid på to år.

Tiltalte må også betala oppreisingserstatning til den vesle jenta på 90.000 kroner.

...

Kortare periode med rypejakt

Nyhende Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet. Les meir

...

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Nyhende Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks. Les meir

Dronninga planta plommetre

Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

...

Innspurt for sommarfoto

Nyhende Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis? Les meir

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.