TRUGA: Villreinstammen i Vest-Jotunheimen er i ferd med å bukka under. Her er to av dei, ei simle og ein kalv på Sippelhaugnosi. Foto: Einar Fortun

Tvilar på at jerven er syndaren

Villreineksperten Einar Ese trur andre enn jerven er årsaka til den dramatiske halveringa av villreinstammen i Vest-Jotunheimen.

Sogn og Fjordane
Vêr og føre:
Vekslende bart, snø- og isdekke, fare for glatte partier i lavlandet.
Sogn og Fjordane
Vêr og føre:
Vekslende bart og snø- og isdekke i høyereliggende strøk.
Ev 16 Voss - Gudvangen
Vêr og føre:
Bart i spor.
Ev 16 Vinje - Håbakken (Flenja tunnel)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Alle dager fra 21:00 til 07:...
Ev 16 Filefjell
Vêr og føre:
Snø- og isdekke. Klokken 13:00 var det -6 grader, laber bris og oppholdsvær.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen

Sjå dei flotte nyttårsbileta

Vi takkar lesarane våre for alle dei flotte nyttårsbileta vi har fått inn.

Les meir

Vinterbadande studentar

Studentane i Sogndal nyttar kviledagen til å lauge seg i vinterkalde Sognefjorden.

Les meir

Tor Yttri

Publisert 08.01.2009 kl 10:00 Oppdatert 08.01.2009 kl 10:00

Tips ein venn på e-post:

TVILAR PÅ JERVEN: Einar Ese, her fotografert under elgjakta i fjor, trur mennesket er eit mykje større trugsmål mot villreinen enn jerven. Foto: Frank Optun Smedegård

LES OGSÅ:

Berre 170 dyr att 03.01.09 - 12:38

Villreinforkjemparen fryktar at jerven får skulda for at villreinstammen i Vest-Jotunheimener halvert på to år, til berre 170 dyr ved sist teljing 25. november i fjor. Men Ese meiner årsaka er samansett, og at det truleg er andre og viktigare årsaker enn drap utførte av jerv.

Ese, busett i Jostedalen og med Noregs mest trafikkerte villreinblogg, meiner at mykje talar for at menneskeskapt påverknad i form av vegbygging, kraftutbygging og fotturisme er ei meir sannsynleg årsak til den store og dramatiske nedgangen i villreinstammen. Han viser til at forskarar også meiner at jerven har liten innverknad på villreinen.

Tek sau, ikkje rein

Han har ikkje lyst til å terga på seg dei som meiner jerven må utryddast frå Sogn grunna dei store sauetapa og er klar over at jerven tek mykje lam. Men det er ein anna debatt, meiner han.

På bloggen til villreinentusiasten i Jostedalen har det vore ein heit debatt dei siste dagane, etter at Sogn Avis skreiv om den kritiske stoda for villreinstammen i Vest-Jotunheimen sist laurdag.

Både i rapporten frå det lokale villreinutvalet og på bloggen til Ese vert det diskutert om nedising av beite og endring i plantelivet med påfølgjande oppbløming av parasittar kan vera årsak til at mange rein i stammen har bukka under for sjukdom. Sjukdomar som hjernemakk, hud- og svelgbrems har teke livet av mange dyr i stammen, og årsaka til dette kan forklarast med endra levekår. Dei endra levekåra kan forklarast både med klimaendringar og menneskeskapt påverknad.

Menneskeskapt påverknad

– Eg trur det er summen av fleire faktorar som gjer at villreinstammen i Vest-Jotunheimen er i ferd med å bryta saman, men mykje tyder på at vi menneske er jerven sitt verste rovdyr. Forsking viser at reinen er særleg var for uro og endringar i fjellet. Jerven har reinen levd med i tusenvis av år. Det same kan ein ikkje seia om bilvegar. kraftutbygging og omfattande kommersiell fotturisme, seier Einar Ese, som heller ikkje ser vekk frå at klimaendring påverkar villreinstammen.

– Viss reinen vert tvinga vekk frå breane sommarstid, som følgje av smelting eller turisttrafikk, er den meir utsett for sjukdomar. Breane gjev reinen ly for bremsfluga, seier Ese, som meiner at jerven ikkje er noko trugsmål mot friske villreinstammar, men kan oppføra seg annleis mot rein som er svekt av sjukdom.

Fotturismen øydeleggjande

– Forsking viser at det er menneskeskapte inngrep og aktivitetar som har påverka villreinen mest i negativ lei, og då er det ikkje berre snakk om større inngrep om vegbygging og kraftutbygging. Auka aktivitet i form av fotturisme har pressa villreinen vekk frå områda sine, seier Ese.

Han meiner dette er eit problem som har vorte neglisjert av sentrale styresmakter fordi slik turisme ikkje ureinar og er politisk korrekt.

– Den Norske Turistforening og reiselivsnæringa har stor politisk makt og får det stort sett som dei vil. Dette har villreinen fått lida for, seier Einar Ese.

Kamp om leiarklubba

Nyhende Det vart kamp om leiarklubba i Lærdal Ap på årsmøtet måndag kveld. Les meir

Tapar medlemar

Nyhende Ap-bastionar i Sogn. Les meir

Fotgjengar etter 170 km/t

Nyhende Stoppa på Kaupanger i ettermiddag. Les meir

20 mista jobben

Nyhende Klokka 10.00 måndag føremiddag måtte styreleiar og dagleg leiar Trond Øyen Einemo gå den tunge vegen til tingretten og begjæra oppbod for selskapet Lærdal Entreprenør. Les meir

Elevar etterlyser rektor

Nyhende Elevane på mellomsteget ved Fjærland skule treng rektor, og går nye vegar for å få søkjarar til den ledige rektorstillinga ved skulen. Les meir

Sogningar

Fødde januar 10

«Kvar er dette?» del 3

«Kvar er dette?» - biletrebus nummer tre er klar.

Følg Sogn Avis på Facebook

Bli medlem i gruppa vår på Facebook, og hald deg oppdatert.

Vinter og kulde

Send inn foto frå den flotte, men akk så kalde vinteren vår til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord Sotips til 1982

Kom deg ut-dagen

Send inn foto frå "kom deg ut"-dagen 7. februar til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord Sotips til 1982

Sjå dei flotte brudepara

Mest lese nett no

Mest populære biletseriar

Vinter og kulde

Send inn foto frå den flotte, men akk så kalde vinteren vår til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord Sotips til 1982

Les meir
Redaktøransvar