SNART HISTORIE? Her er flokken på 150 dyr fotografert 25. november 2008. 20 bukkar gjekk for seg sjølve i nærleiken av storflokken. Foto: Einar Fortun

Berre 170 dyr att

Villreinstammen meir enn halvert på to år.

Sogn og Fjordane
Vêr og føre:
Vekslende bart, snø- og isdekke, fare for glatte partier i lavlandet.
Sogn og Fjordane
Vêr og føre:
Vekslende bart og snø- og isdekke i høyereliggende strøk.
Ev 16 Voss - Gudvangen
Vêr og føre:
Bart i spor.
Ev 16 Vinje - Håbakken (Flenja tunnel)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Alle dager fra 21:00 til 07:...
Ev 16 Filefjell
Vêr og føre:
Snø- og isdekke. Klokken 13:00 var det -6 grader, laber bris og oppholdsvær.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen

Sjå dei flotte nyttårsbileta

Vi takkar lesarane våre for alle dei flotte nyttårsbileta vi har fått inn.

Les meir

Vinterbadande studentar

Studentane i Sogndal nyttar kviledagen til å lauge seg i vinterkalde Sognefjorden.

Les meir
Tor Yttri
Publisert 03.01.2009 kl 12:32 Oppdatert 03.01.2009 kl 12:38

Tips ein venn på e-post:

LES OGSÅ:

Tvilar på at jerven er syndaren 08.01.09 - 10:00

I løpet av to år er villreinstammen i Vest-Jotunheimen meir enn halvert til 170 dyr. Mykje tyder på at stammen er i ferd med å bukka under. Forklaringa er truleg rovdyr og sjukdom – og auka fotturisme.

Fjelloppsyn Einar Fortun slår no alarm og fryktar at villreinstammen i Vest-Jotunheimen er i ferd med å forsvinna. I ein fersk rapport legg Villreinutvalet for Vest-Jotunheimen fram tal og dokumentasjon som vitnar om ei dramatisk utvikling dei siste åra.

Veldig sårbar

Villreinstammen i Vest-Jotunheimen er no så liten og sårbar at ein hard vinter kan utradera villreinen i dette området. Villreinutvalet kastar no korta og ber andre ekspertar koma på bana for å redda stammen.

Fjelloppsyn Einar Fortun er svært ottefull når det gjeld framtida for denne villreinstammen. Dei to siste åra, der stammen har vore freda for jakt, er den meir enn halvert frå 370 dyr vinteren 2006/2007 til 170 dyr hausten 2008.

– Det ser mørkt ut, ja, seier Einar Fortun.

Han og Villreinutvalet har no sendt rapporten til Fylkesmannen og Direktoratet for naturforvaltning. I rapporten viser dei til Noreg sitt særlege ansvar for å ta vare på villreinen og villreinen sine leveområde.

Starten på slutten?

Deira eigne forklaringar på kvifor villreinstammen er i ferd med å bukka under er samansette; sjukdomar og ulukker, dårleg beite, rovdyr, menneskeskapte inngrep og omfattande fotturisme, særleg i regi av Den Norske Turistforening.

«Kva som er største årsaka til nedgangen er vanskeleg å avgjera, det kan og vera andre årsaker som ikkje er tekne fram her», skriv utvalet i rapporten.

Einar Fortun fryktar at me no ser starten på slutten for denne villreinstammen, ein stamme som på slutten av 1980-talet talde mellom 400 og 500 dyr. På denne tida vart det også drive omfattande jakt, med opp til 224 felte dyr i ein og same jaktsesong. Så seint som vinteren 2005/2006 vart det talt 395 dyr i stammen. Hausten 2006 vart det felt 64 dyr under jakta.

Jerv og ørn

– Skal me greia å berga stammen må det ekstraordinære tiltak til, seier Fortun.

Jaktforbod sidan 2007 har ikkje hatt den verknaden ein hadde håpa på. Tvert om er villreinstammen dramatisk redusert etter at jaktforbodet vart innført, frå 360 dyr vinteren 2006/07 til 170 dyr sist haust.

Ein som utan tvil har sin store del av skulda, er jerven. I rapporten vert det slege fast at jerven tek mange reinskalvar i tida frå kalvinga og fram til sauene vert sleppt på fjellbeite. Også etter at sauene vert henta heim frå beite, er det påvist at jerven gjer innhogg i villreinstammen.

– Seinast fredag fekk eg melding om at det vart funne eit reinsdyr i julehelga som truleg var drepen av jerv, seier Einar Fortun.

Kamp om leiarklubba

Nyhende Det vart kamp om leiarklubba i Lærdal Ap på årsmøtet måndag kveld. Les meir

Tapar medlemar

Nyhende Ap-bastionar i Sogn. Les meir

Fotgjengar etter 170 km/t

Nyhende Stoppa på Kaupanger i ettermiddag. Les meir

20 mista jobben

Nyhende Klokka 10.00 måndag føremiddag måtte styreleiar og dagleg leiar Trond Øyen Einemo gå den tunge vegen til tingretten og begjæra oppbod for selskapet Lærdal Entreprenør. Les meir

Elevar etterlyser rektor

Nyhende Elevane på mellomsteget ved Fjærland skule treng rektor, og går nye vegar for å få søkjarar til den ledige rektorstillinga ved skulen. Les meir

Sogningar

Fødde januar 10

«Kvar er dette?» del 3

«Kvar er dette?» - biletrebus nummer tre er klar.

Følg Sogn Avis på Facebook

Bli medlem i gruppa vår på Facebook, og hald deg oppdatert.

Vinter og kulde

Send inn foto frå den flotte, men akk så kalde vinteren vår til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord Sotips til 1982

Kom deg ut-dagen

Send inn foto frå "kom deg ut"-dagen 7. februar til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord Sotips til 1982

Sjå dei flotte brudepara

Mest lese nett no

Mest populære biletseriar

Vinter og kulde

Send inn foto frå den flotte, men akk så kalde vinteren vår til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord Sotips til 1982

Les meir
Redaktøransvar