...
LIVEALBUM: Olav Stedje kjem på nyåret med sitt første livealbum.

Olav med livealbum

Det tok nokre år, men den 12. januar skjer det: Olav Stedje kjem med sitt aller første livealbum.

Publisert 09.12.2008 kl 19:39 Oppdatert 09.12.2008 kl 19:39

Tips ein venn på e-post:


– Ja, det stemmer det – og dette blir moro, fortel Olav Stedje på telefonen frå hovudstaden der han nett har gjort unna dei siste detaljane rundt det komande livealbumet med platedirektøren sin, Audun Tylden i Tylden & Co.

Stedje har ikkje tenkt mykje på kvifor han ikkje har laga noko liveplate før, og er meir oppteken av at det no faktisk skjer – snart 28 år etter at den første plata «Ta meg med<$» kom på marknaden.

Frå P1 – scena

Denne liveplata er i sin heilskap henta frå Store Studio i NRK då Olav Stedje var invitert til det populære radioprogrammet P1 – scena der artistar, både norske og utanlandske – blir inviterte til å spela på direkten.

Då Olav Stedje var trekkplaster i fjor vinter stod han på scena saman med Svein Dag Hauge, Per Hillestad, Rolf Graf og Egil Eldøen, så godt som heile Lava med andre ord. Det er utan vidare eit kvalitetsstempel.

Kjende og kjære

I og med at den nye plata – som skal heita «I levande live» – er henta frå denne konserten vart det ikkje rom for noko heilt ny låt.

– Det kunne kanskje ha vore eit poeng å ha med ein låt ingen har høyrt før, men det gjekk ikkje, denne gongen, seier Stedje. I staden er plata spekka med kjende og kjære låtar frå ein lang karriere.

– Ja, det er mange velkjende låtar, låtar eg har reist rundt og spelt over heile landet i ei årrekkje, men det er også låtar frå den siste plata som kom i 2006, seier Stedje.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.