Olav Stedje får Medaas-prisen for 2008.
Utdelinga skjer på Den Nationale Scene i Bergen søndag 9. november
– Han skulle hatt prisen for lenge sidan, men me har bevisst venta litt med dei mest openbare kandidatane, slike som Halvdan Sivertsen og Olav, seier leiaren i styret for Ivar Medaas-prisen Inge Glambekk.
I statuttane for Medaas- prisen står det mellom anna at prisvinnaren skal målbera dialekten og fremja sin lokale kultur og løfta den til eit nasjonalt nivå.
– Knapt nokon fyller desse krava betre enn Olav Stedje, seier Glambekk.
Første i 2000
Ivar Medaas-prisen var delt ut første gong i 2000, og Ivar Medaas fekk sjølv med seg dei fem første prisvinnarane før han gjekk bort, berre 67 år gamal i 2005.
Linda Fosse vann den første Medaas-prisen, som seinare har blitt delt ut kvart år, med unnatak frå 2004. Mellom dei tidlegare prisvinnarane finn me Unni Løvlid i Honndalstausene, Arne Bøe som er frontfigur i Heimalanne og Odd Nordstoga som fekk prisen i 2005. I fjor var det Jan Arvid Johansen, mannen bak Nordnorsk visegruppe, som fekk den høgthengjande utmerkinga.
– Personleg tykkjer eg det er ekstra kjekt at Olav får prisen i år, det året han Ivar ville ha runda 70 år, seier Glambekk.
Stor markering
Mellom anna difor slår arrangørane ekstra på stortromma når Olav Stedje får prisen søndag 9. november.
– Me har like godt slått til og leigd heile Den Nationale Scene. Og gledeleg nok, billettane er snart utselde. I går var det berre rundt 40 billettar att. Det blir med andre ord fullt hus og det blir moro, seier Inge Glambekk.
I samband med utdelinga av prisen skal ei lang rekkje artistar stå på scena for å hylla Olav Stedje og Ivar Medaas. Mellom desse finn me Marit Voldsæter frå Kvinner på randen, Gustav Lorentzen frå Knutsen og Ludvigsen, Linda Fosse, Julian Berntsen, Tor Endresen, Bjørn Jensen og Jan Eggum.
Gåvesjekk
Sist, men ikkje minst vil Olav Stedje sine kollegaer og gode vener frå Vestlandsrevyen vera på scena like før prisutdelinga.
Det er enka etter Ivar Medaas, Kari og dottera Yngvill Skogen Medaas som vil stå for sjølve prisutdelinga. Medaas-prisen er ein gåvesjekk på 25.000 kroner og eit bilete av Ivar Medaas.
Nye kommentarar