NRK-journalist Arve Uglum og Eli Grotle, redaksjonssjef i Sogn Avis, har vore prøvekaninar i det store forskingsprosjektet som skal inkludera 400 sogningar. – De er imponerande aktive!
Domen frå prosjektkoordinator Ane Solbraa er veldig positiv. Dei to journalistane står og trippar og oppfører seg som dei skal få vita resultatet frå ein svært viktig eksamen, OL eller noko i den duren. Dei har vorte fortalde klart og tydeleg at dette ikkje er nokon konkurranse, men dei avanserte stegteljarane dei har gått med kring kroppen den siste veka har tydeleg pirra det instinktet.
Avansert måling
Og det er ikkje måte på kor sjuke dei har vore den siste veka. Den eine har sete fastspikra til ein tannlegestol, den andre har vore spysjuk.
Både Grotle og Uglum heilgarderer seg for store summar i påvente av at Ane Solbraa skal avsløra resultatet. Ho har med seg utskriftene som inneheld alle data frå aktivitetsmålarane. Dei viser aktivitetsnivået ned til kvart einaste minutt heile veka, frå dei to journalistane har stått opp til dei har lagt seg. Eventuelle aktivitetar i liggjande posisjon let seg ikkje registrera, heller ikkje aktivitetar som sykling og symjing. Målarane registrerer steg, men skil mellom lette, moderate, middels harde og svært tunge steg.
Den store triumfen
– Eg slo deg, Arve! Eli Grotle triumferer høgt når Ane Solbraa endeleg viser dei resultata, med nok ein presisering om det dette ikkje er nokon konkurranse. Presiseringa fell på steingrunn.
Arve Uglum er ein slagen mann, i alle fall nokre sekund.
– Eg låg heime og spydde halve fredagen, seier Uglum og peikar på grafen som viser den labre aktiviteten hans akkurat denne dagen. Men ut på kvelden sprett aktivitetsnivået hans opp til dei store høgder.
– Eg tok meg ein joggetur om kvelden, forklarer han.
– Det har nesten vore som ein personleg trenar å ha denne på seg, seier Grotle og peikar på stegteljaren.
Sprang som gal
Ho vart ikkje så reint lite stressa då ho fekk nyss om Uglum sin tur til Skåla tidleg i testveka. At det var helikopter både opp og ned fekk ho først høyra seinare.
NRK-journalisten er oppteken med å analysera resultata sine. Fotballtreninga måndag kveld ser ikkje ut for å ha gjeve dei utslaga ein kunne forventa, berre eitt minutt i kategorien hard aktivitet.
– Det fortel vel ein del om nivået på dei andre, seier Arve Uglum.
Han grublar over dei fem harde minuttane rett etter kyrkjetid søndagen, men så kjem han plutseleg på svaret: Han var speaker under myggturneringa, og då høgtalaranlegget svikta måtte han ta beina fatt.
– Eg sprang som ein tulling frå bane til bane for å stogga kampane!
400 sogningar
No kan du verta ein av 400 sogningar i aldersgruppa 20-85 år, som vert invitert til å vera med på prosjektet KAN1, kartlegging av fysisk aktivitetsnivå i Noreg. Det store, nasjonale forskingsprosjektet er sett i gang på oppdrag frå Helsedirektoratet og har som mål å finna ein nøyaktig målemetode for aktivitetsnivået til vaksne nordmenn. Prosjektet vert leia av Norges Idrettshøyskole og på Vestlandet er det Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) som skal samla inn data.
@Text.9.Just-m-innrykk:HSF går i dag dagar ut og inviterer 400 personar frå Sogn til å vera med på prosjektet. Dei 400 personane er tilfeldig valde etter utvalsmetodar i regi av Statistisk sentralbyrå.
– For oss er det svært viktig at flest mogleg stiller opp, seier Ane Solbraa, prosjektkoordinator ved HSF.
To sprekingar
Solbraa presiserer at opplysningane som vert samla inn gjennom eit spørjeskjema og aktivitetsmålarane kjem inn under lova om personvern, og at kvar einaste prøvekanin er sikra full anonymitet.
Det er ikkje noko mål at deltakarane skal verta meir aktive som følgje av at dei får på seg aktivitetsmålarane, tvert om. For forskingsresultatet sin del er det avgjerande viktig at deltakarane held seg på sitt normale aktivitetsnivå. Testperioden varer ei veke og i denne tida skal den raude dingsen vera fest kring livet frå morgon til kveld.
Ane Solbraa håpar deltakarane i mindre grad enn Eli Grotle og Arve Uglum let seg inspirera til auka innsats med aktivitetsmålaren kring livet. Samstundes er ho imponert over dei to journalistane, som begge har ein arbeidsdag prega av å sitja på ein kontorstol.
– De er veldig spreke, skryter Ane Solbraa.
Nye kommentarar