...
DAGTILBOD FOR ELDRE MED DEMENS: Soneleiar Britt Veum Hauge, Avdelingssjukepleiar ofr heimetenester, Tone Kveane, prosjektleiar for Inn på Tunet, Kjersti Eikum Tang og Gunnar Sie er engasjert i tiltaket på Mollandsmarki. Foto: Jan-Erik Kvåle

Kan utsetja sjukeheimopphald

Fylket sitt første dagtilbod fror eldre med demens er på garden Sie-Øygarden i Luster. Eit slikt tilbod kan utsetja sjukeheimsopphaldet.

Publisert 22.09.2008 kl 10:10 Oppdatert 22.09.2008 kl 10:10

Tips ein venn på e-post:

Fakta om demens

  • 22.september er den internasjonale demensdagen 2008.
  • Demens fører til store endringar hjå dei som er sjuke, både psykisk og fysisk. Hukommelsen vert dårleg, ein vert desorientert i høve til tid og stad og enkle kvardagslege ting kan verta uoverkommeleg.
  • Angst og depresjon er ofte ei følgje av sjukdommen.
  • Fleire eldre betyr fleire med demens. I 2030 vil talet truleg dobla seg i høve til i dag.

Kvar onsdag morgon tek Gunnar Sie bilen på ein rundtur i Luster. Føremålet med bilturen er å henta eldre, heimebuande demente for eit dagopphald på gardsbruket. Tilbodet er heilt nytt, og ekteparet Sie har til no gjennomført fire aktivitetsdagar.

Inn på tunet

Gjennom det statlege programmet «Inn på tunet», får gardbrukarar hjelp til å etablera ulike opplevingstilbod retta inn mot det offentlege. Slike tilbod vart tidlegare omtalt som «Grøn omsorg». Det eksisterar kring 40 «Inn på tunet»-tiltak i fylket, men dette er det første tiltaket som tilbyr dagopphald for heimebuande eldre med demens.

– Me hadde lyst til å prøva dette, seier Kristin Sie. Dei har tidlegare ikkje brukt garden som arena for slike aktivitetar, men fann i fellesskap ut at å laga eit opplegg for eldre ville vere givande. Gunnar Sie arbeider som hjelpepleiar i eldreomsorga i Luster, og kjenner godt til fagfeltet . I tillegg har også kona Kristin kursa seg innan dette emnet.

Kaffikos og dyrerøkt

– Arbeidet er variert og givande, og me ser at brukarane reagerer positivt på å ha dyr rundt seg. I tillegg er også faste aktivitetar som kos rundt kaffibordet svært viktig. Brukarane har så mykje å fortelja, seier ho, og meiner at ei samtaleøkt med brukarane kan vera reine historietimen.

Soneleiar for eldreomsorga i Luster kommune, Britt Veum Hauge, er godt nøgd med å ha fått på plass eit eksternt dagtilbod, eit tilbod som skal evaluerast etter prøveåret.

– Dette er Luster kommune svært interessert i, og difor har me også inngått denne avtalen.

Soneleiaren fortel at tiltak som aukar trivnaden for eldre med demens er eit gode, og at dess lenger ein kan utsetja sjukeheimsopphaldet dess betre er det for alle partar.

Kostnadseffektiv omsorg

Erfaringa frå andre stader viser at slike dagtilbod kan utsetja eit naudsynt sjukeheimsopphald med i alle fall eitt år, kanskje meir. Fagfolka ved Nasjonalt kompetansesenter for demens hevdar at spesielt tilrettelagde dagtilbod er godt for eldre med demens, og det vil vera ein kostnadseffektiv måte å tilretteleggja omsorgstilbodet i kommunane på. Ikkje minst vil eit slikt tilbod også gje ei hensiktsmessig avlastning for dei pårørande, melder senteret på si eiga nettside.

Det er, i følgje Gunnar Sie framleis litt tabu å snakka om emnet demens. Han håpar at openheit og god informasjon vil endra på noko av dette.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.