Ridehall sperra for konkurranse.
|
Ole Kristian Åset
E-post
|
|
| Publisert 13.09.2008 kl 12:45 Oppdatert 13.09.2008 kl 12:45 |
Sogndal Køyre- og Rideklubb er på jakt etter nye treningslokale etter at ridehallen i Amla har stengt dørene for konkurranseriding av omsyn til dyrehelse. No fryktar rideklubben at fruktene av mange års arbeid kan gå tapt.
Ny krav frå eigar
– Dei nye krava for å få bruka hallen i Amla er drege så langt til ein ytterkant at det ikkje er foreinleg med vår aktivitet. Samstundes har eigarane av garden all rett til å leggja dei føringane dei ynskjer på eigedomen sin, seier Rikke Mowinckel i Sogndal Køyre- og Rideklubb.
Jernfrie hestar og hestehelse
Brukarane av ridehallen i Amla fekk seg ein stor overrasking då dei nyleg fekk brev frå den nye drivaren på garden Amla Nedre, Fred Ivar Falck Husum. Der det stod svart på kvitt at framtidsvisjonen for ridehallen er at alle hestar skal vera jernfrie, utan bitt, sko eller sporar. Vidare må brukarane avstå frå å delta i konkurransar, og hesten sin helse må bli sett framfor eige ynskje om suksess.
– Ekstremt skadeleg
– Grunnen til at me kjem med desse retningslinjene er at me ynskjer å leggja vekt på dyrehelse. Hestesko er ekstremt skadeleg for dyra sin helse, og hestar som blir brukt i konkurranse må oftast avlivast etter 15 til 20 år på grunn av problem med rygg, sener musklar og ledd. I vill tilstand kan ein hest bli heilt opp i 50 år gamal, seier Husum, som har meldt seg inn i den internasjonale rørsla «The Horse Revolution», som kjempar om å spreia kunnskap om hestehald på hesten sine premissar.
Krise i miljøet
Rikke Mowinckel og Margit Rimeslåtten i rideklubben er ikkje einig i at sko og bitt skadar hestane.
– Me har eit vidt forskjellig syn på hestehald, og me er sjølvsagt aller mest opptekne av at hestane har det bra, seier Mowinckel, som også driv sitt eige firma med opptrening og terapi på hesteryggen.
No er dei svært redde for at rideklubben ikkje kan driva trening, kurs og konkurranse på vinterstid. Mowinckel seier hestemiljøet på Kaupangerskogen tel opp mot 40 hestar i tillegg til at fleire ryttarar i eit stort omland nyttar ridehallen i Amla og travbana på Vestrheim.
Byggjer ny hall
Måndag vert det informasjonsmøte for å diskutera planar om ny ridehall ved travbaneanlegget på Kaupangerskogen. Då håpar dei næringslivet vil støtta opp.
– Området er regulert for hestesport, og me har ein positiv dialog med grunneigar Andreas Bøtun om å byggja opp ein ny ridehall i området, seier Mowickel, som reknar med prosjektet vil kosta rundt to millionar å realisera.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Nye kommentarar