sogndal: Geir Kåre Resaland vonar alle 400 som får ein slik dings i posten i oktober tek kontakt.
Noregs Idrettshøgskule (NIH) har på oppdrag frå Helsedirektoratet fått i oppdrag i å undersøkja korleis ein med nøyaktige målemetodar kan finna ut kor aktive folk er. Det store forskingsprosjektet har fått namnet KAN1, som er ei forkorting av «Kartlegging av fysisk aktivitetsnivå, helserelatert fysisk form og determinantar for fysisk aktivitet hos vaksne og eldre i Noreg.
10 ulike høgskular og universitet skal saman med NIH samla inn data, og her på Vestlandet er det berre Høgskulen i Sogn og Fjordane som er kopla på prosjektet. I heile landet skal 4000 personar vera med i prosjektet. HSF skal ha ansvar for ti prosent av desse.
Ved HSF er prosjektgruppa samansett av Geir K. Resaland som er stipendiat og prosjektleiar, prosjektkoordinator Ane Solbraa og masterstudent og høgskulelærar Einar Ylvisåker.
Høgskulen si plassering gjer at gruppa har valgt ut Sogn som hovudområdet på Vestlandet.
– I oktober vil mange personar få tilsendt ein aktivitetsmålar pluss eit spørjeskjema i posten. Desse 400 personane med adresse Sogn vert plukka ut heilt tilfeldig frå ei «oppskrift» som Statistisk sentralbyrå nyttar får å velja ut ei representativ gruppe i alderen 20–85 år, seier Geir K. Resaland.
Han og dei andre i prosjektgruppa er fullt klar over fåren ved at mange av dei tilfeldige personane enten ikkje vil bry seg, tykkjer det er for skummelt eller rett og slett trur dei er for lite aktive til å vera med.
– For oss er det veldig viktig at så mange som mogeleg stiller opp og er med slik at me kan få kunnskap om dette viktige området. Dersom me berre får med dei som allereie er aktive, så vil ikkje prosjektet gje rett bilete av kor aktiv gjennomsnittssogningen faktisk er, seier Resaland.
Det er heller ikkje meininga at folk som deltek skal bli meir aktive når dei får på seg aktivtietsmålaren. Det vil heller ikkje gje eit rett bilete av gjennomsnittsnivået.
Den vesle raude dingsen er på storleik med ei fyrstikkeske og skal festast rundt livet. Der skal den henge frå morgon til kveld sju dagar i strekk. Berre ved dusjing, bading og soving skal den vere av. I tillegg til å telja steg, registrerer den også intensiteten i aktiviteten som er utført. Med andre ord vil ein rask spasertur gje betre utteljing enn tre timar shopping. Brikka vert lese av elektronisk når testperioden er over.
– Det er sjølvsagt frivillig å vera med, men håpet vårt er at alle som får spørsmål om å delta er positive. Uansett kor mykje eller lite dei rører på seg. Skal det settast inn tiltak for å gjera folk meir aktive må me faktisk vite kor aktive folk er. Tiltak må baserast på kunnskap og kunnskapen får me berre ved å søkje fakta. I dag har me ikkje den faktaen tilgjengeleg i Noreg, seier Resaland.
Stortingsmelding «Resept for et sunnere Norge», frå 2003 har som mål å oppnå fleire leveår med god helse i befolkninga og redusera skilnader i helse mellom sosiale lag.
Denne meldinga vart følgt opp av nasjonal handlingsplan 2005–2009 «Sammen for fysisk aktivitet», med 108 spesifikke tiltak for å promotore fysisk aktivitet på eit nasjonalt plan. Eit av desse tiltaka er å gjennomføre ei nasjonal kartlegging av fysisk aktivitetsnivå og fysisk form av barn/unge og vaksne. Dette er allereie gjennomført på barn/unge og no er also turen komen til vaksne i alderen 20 til 85 år.
Prosjektleiar Geir Kåre Resaland, er glad for at HISF som einaste institusjon på Vestlandet skal få vera med på denne kartlegginga. Håpet er at dei utplukka sogningane er sporty nok til å ta utfordringa som ramlar ned i postkassa deira i oktober.
Nye kommentarar