Snakk om flaks! Etter to timars fiske var det tungt napp i snøret.
|
Gunnar Kleven
E-post
|
|
| Publisert 03.07.2008 kl 12:44 Oppdatert 03.07.2008 kl 12:46 |
18 kilo er småpent, men det er teke atskilleg større kveiter i Sognefjorden – berre så det er nemnt. Ein skal ikkje lengre attende enn eit par år for å finna ei fiskehistorie på 105 kilo frå Balestrand. Det òg i klassen kveite.Tyske Bernd fekk ein hard kamp med å berga fisken.
Vassa i land
– Kleppen var for liten til å få flaket om bord i båten, han måtte difor koma seg inn mot ei strand og vassa i land. Med andre ord skikkeleg fiskelukke, fortel Olav Fjærestad Tveit.
Han har pensjonert eg som campingplasseigar og har ført ansvaret over på sonen Einar. Etter over 40 år i gamet har pensjonisten opplevd litt av kvart som campingvert. Fleire gjester blir det eit særskilt forhold til, ferierande utlendingar som kjem tilbake til Tveit camping år etter år.
Lang, lang lange
Også ein landsmann av Bernd hadde fiskelukke i Sogn, men det var ved Hustavneset i inngangen til Arnefjorden i Vik. I over ein halvtime kjempa tyskaren ein kamp med ei lange som var både lang og tung.
– Eg har aldri vore borti liknande her på våre kantar, seier Inge S. Otterskred – turistvert, styrmann og bonde.
Fangsten på 22,5 kilo hogg på agnet senka ned på 180 meter sjup. Tyskaren var åleine i båten, etter litt basking låg langa med sine 165 centimeter trygt i båten.
Ferie på Otterskred
Veldig god matfisk, men den kan bli litt grov i kjøtet når vektene dreg seg så pass opp som i dette tilfellet, seier Otterskred.
Tyskaren, denne gongen i selskap med fire landsmenn, har feriert ved veglause Otterskred fire gonger. Han blir karakterisert som habil fiskar og har tidlegare teke enno større fangstar på Trøndelagskysten.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Nye kommentarar