Eit historisk kapittel i Vik sin flora har fått ein dramatisk spaningstopp.
Eit statsverna kastanjetre på Vangsnes i Vik kommune har fått fleire stygge brot etter at ei stor grein vart riven av treet i kraftige vindkast tidleg tysdag morgon. Ingen kom til skade under uhellet.
– Flaks, seier Eivind Rinde, driftsleiar i Vik kommune.
Verneverdig
– Vanlegvis står det jo mange bilar parkert her, men denne gong var plassen under treet heldigvis tom, forklarer Rinde.
Kastanjetreet er ikkje eit kva som helst slags tre. Ifølgje Tore Larsen ved Fylkesmannen si miljøvernavdeling, vart nemleg den digre kastanjeplanta erklært verneverdig og stempla som naturminne 21. mars 1958.
Må undersøkjast
No må treet undersøkjast av ein ekspert.
– Me reknar med å få undersøkt treet i løpet av dei næraste dagane, seier Larsen.
– Då vil me kunna seia om det er fare for at fleire greiner kan falla av. Men ein bør nok sperra av området rundt treet inntil vidare, tilrår han.
Etter det Sogn Avis kjenner til vart greina rydda vekk av vegvesenet tysdag ettermiddag.
Nye kommentarar