Steinar fekk femlingar

SOGNDAL: Først trudde han 4063 var ferdig etter å ha fått to friske og store lam. Men så kom det eitt til, og endå eitt. Og så kom jammen det femte. – Utruleg, seier Steinar Barsnes.

Publisert 18.04.2008 kl 16:56 Oppdatert 18.04.2008 kl 16:56

Tips ein venn på e-post:

...
PRODUKTIV: Det er ikkje noko mål for ein sauebonde å få femlingar, men Steinar Barnes tek ekstraarbeidet sau 4063 har påført han med eit smil. Foto: Tor Yttri

Han trudde mest ikkje sine eigne auge, sauebonden på Barsnes i Sogndal, då det femte lammet til sau 4063 kom ut – like sprekt og livskraftig som dei fire første. No lurer han på kven av naboane som har vore i fjøsen hans.

Skikkeleg heimelaga

Det står mellom to karar, Svein Ølnes eller Torstein Barsnes.

– Eg er neimen ikkje sikker, men ein av dei er det som må ta på seg farsskapet, seier Steinar Barsnes.

Like etter at femlingfødselen på Barsnes vart viteleg starta spekulasjonane om kvar v?ren kom frå. Dei fleste peikte over mot solsida av Baringafjorden og Kvam, men dette stemmer altså ikkje. Her er det snakk om fem heilt ekte nyborne baringar.

Ekstra arbeid

Begge verane som var innom fjøsen til Steinar Barsnes dei aktuelle dagane i fjor haust høyrer heime i grenda.

Steinar Barsnes hadde uansett ikkje rekna med eit slikt resultat. Det var ikkje noko som tydde på at sau 4063 skulle ha meir enn to, toppen tre lam. Ikkje var ho spesielt stor, og det meste ho har fått før er tvillingar.

– Ja, no har eg mykje godt arbeid føre meg, seier sauebonden sjølv.

På topp

Same kor sprek og sterk 4063 er, greier ho ikkje halda mjølk til fem lam. Eit par dagar etter det vesle underet i fjøsen på Barsnes, teiknar det til at Steinar må gje mjølk til to av dei.

– Eg trudde ho hadde to, kanskje tre. Ho såg heilt vanleg ut og er ikkje spesielt stor av seg. At ho skulle få fem kunne eg aldri tenkt meg. Difor sjekka eg henne ikkje etter at det tredje lammet kom. Då var eg sikker på at alt var ferdig, seier Steinar.

Men det skulle altså koma både eitt og endå eitt til.

4063 er fødd i 2004 og såleis i sin beste alder når det handlar om å setja lam til verda.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.