Vil bryta med Vik

VIK: Fresvikjer har vendt seg til Leikanger med spørsmål om det er mogeleg å få byta kommune.

Siste nytt frå sporten

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 13 Vikafjellet
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 20 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Rv 15 Måløy - Nordfjordeid, ved Haugland
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
Terje Eggum
Publisert 14.04.2008 kl 22:00 Oppdatert 15.04.2008 kl 10:26

Tips ein venn på e-post:

...
TIL LEIKANGER: Fresvik har i mange hundre år høyrt inn under Leikanger, no vil det vitale bygdesamfunnet på sørsida atter bli ein del av Leikanger.

Fresvik

Bør fresvikjene søkja om kommunebyte?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 143

LES OGSÅ:

Dramatiske kutt ikkje nok 04.04.08 - 10:28

Ordførar Olav Lunden i Leikanger stadfestar at han har motteke ein privat spurnad frå Fresvik, sendt til ordføraren.

95 prosent

Dei to som har utforma brevet, seier dei har 95 prosent av sambygdingane med seg i ønskjet om å bli overflytt frå Vik til Leikanger.

– Me krev ingenting, berre me får ha dei tenestene me alt har i bygda, heiter det i brevet som er sendt ordførar Olav Lunden.

Fresvik (og Feios) var ein del av Leikanger kommune inntil 1991. Då vart dei to bygdene på sørsida, etter meir press frå Feios enn Fresvik, overflytte til Vik kommune. I dag breier desperasjonen seg i dei to vitale småsamfunna.

Leikangerordføraren må vedgå at han er rørt av den tilliten fresvikjene viser Leikanger. Men han vaktar seg vel for å føregripa eit slikt initiativ.

– I si tid var det praktiske grunnar for reguleringa, desse er til stades like fullt i dag, seier Olav Lunden og legg til at ein eventuell overflyttingssøknad er det berre kommunestyret i Vik som kan fremja til departementet.

Fritt val

Ordførarkollega Marta Halset i Vik viste i går lite om spurnaden.

– Kollegaen på Leikanger ringde og informerte meg om brevet. Noko meir veit eg ikkje, seier Halset.

– Forstår du frustrasjonen blant fresvikjene?

– I folkeavstemninga i Fresvik ville bygda bli ein del av Vik kommune og vart det i 1992. Innbyggjarane avgjer sjølve kor dei vil høyra til. Det er full rett å søkja seg over igjen til Leikanger kommune viss dei vil det. Men me vil sjølvsagt ha dei med i Vik kommune.

...

Kortare periode med rypejakt

Nyhende Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet. Les meir

...

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Nyhende Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks. Les meir

Dronninga planta plommetre

Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

...

Innspurt for sommarfoto

Nyhende Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis? Les meir

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.