LÆRDAL: Rådmannen i Lærdal vil bruka 400.000 kroner til innkjøp av ein skjeresløkkjar som brannvernet i Lærdal skal disponera.
Skjeresløkkjaren skal mellom anna vera beredskapsutstyr til bruk ved eventuelle branntilløp i verneområdet på Gamleøyri, og pengane til innkjøp av utstyret blir såleis henta frå budsjettposten som er avsett til brannsikringstiltak i dette området. Skjereutstyret skal monterast i den nye brannbilen til Lærdal brannvern, som blir levert i løpet av sommaren 2008. Skjeresløkkjaren vart demonstrert i Lærdal av leverandøren, CCS Cobra Norge i september i fjor, der mellom anna varabrannsjef Johnny Skjerping fekk testa utstyret.
Nye kommentarar