Dramatiske kutt ikkje nok

VIK: Torsdag ettermiddag presenterte rådmann Oddbjørn Ese ei lang tiltaksliste i kjølvatnet av Terra-skandalen. Men dei dramatiske kutta er truleg ikkje nok til å retta opp kommuneøkonomien.

Publisert 03.04.2008 kl 18:45 Oppdatert 04.04.2008 kl 10:28

Tips ein venn på e-post:

...
KUTT: Rådmann Oddbjørn Ese presenterte kuttlista i torsdag. Foto: Gunnar Kleven

Situasjonen er mildt sagt dramatisk for Vik kommune som må dekka inn eit tap på 100 millionar kroner etter Terra-saka.

I ettermiddag lanserte rådmann Oddbjørn Ese og leiargruppa si liste med tiltak som skal møta dei enorme, økonomiske utfordringane.

Reduksjon på fem årsverk i kommunehuset, nedlegging av ungdomsskulane i Fresvik og Feios, nedlegging av barnehagen i Feios, flytting av mellomtrinnet ved Valsvik skule og nedlegging av bygdeheimen i Fresvik er blant dei tiltaka som vart presentert for Fylkesmannen og kommunestyret i ettermiddag.

– Eg er imponert over at rådmannen har kome fram til så mange moglege tiltak, kommenterte fylkesmann Oddvar Flæte, og la til:

– Her er det snakk om lassevis med politisk krut!

Og som ikkje dette er nok, kommunen må truleg vurdera å selja kraftaksjar, vedgår rådmannen.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.