SOGNDAL: Lerum kuttar produksjonen av julebrus for å redusera utslepp av drivhusgassen CO2 til atmosfæren. Restpartiet sel dei ut til halv pris i dag.
| Ole Kristian Åset | |
| Publisert 31.03.2008 kl 22:00 Oppdatert 01.04.2008 kl 08:43 |
– Me må alle bidra for å betra klimaet. Sjølv om brusproduksjonen vår ikkje utgjer så mykje, vil me visa at me gjer vårt for å hindra utslepp av CO2, seier administrerande direktør Jan Petter Vadheim i Lerum.
Etter at brusproduksjonen på Kaupanger vart lagt ned for litt over eit år sidan, har julebrusen vore den einaste brussorten som framleis blir produsert av Lerum. Trass underskriftsaksjonar og protestar – no blir krana skrudd igjen for godt.
Kolsyre = CO2
Grunnen til at Vadheim no tek det vanskelege valet å leggja ned julebrusproduksjonen, er klare tal frå forskarane. I 2005 var det i Europa og USA ein samla nedgang i sal av mineralvatn med kolsyre på 21 prosent, eller 5,9 millionar tonn. Dette inneber ein reduksjon på nesten 7 prosent av dei samla CO2-utsleppa til atmosfæren, og reduksjonen har òg halde fram dei siste par åra.
Mindre sal av brus skuldast endringar blant forbrukarane, som i staden for å kjøpa drikker med kolsyre, vel flaskevatn og juice.
Dersom mineralvassproduksjonen på verdsbasis totalt skulle søkkja til 50 prosent av dagens nivå vil det totale utslippet av CO2 til atmosfæren bli redusert med 18 prosent. Det utgjer ein tredel av det reduksjonsmålet som er bygd inn i Kyoto-avtalen.
Sel ut restpartiet
– Me er leie for at julebrusproduksjonen blir lagt ned, men me må gjera vårt bidrag for miljøet, seier Jan Petter Vadheim, og legg til:
– Me har framleis nokre pallar med julebrus ståande på Kaupanger, og dei som vil sikra seg ein siste smak, kan få kjøpt brus til halv pris frå klokka 13.00 tysdag.
Reduserte utslepp
Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå sleppte Noreg ut 53,5 millionar tonn CO2 i 2006. Det har vore nedgang i utsleppa to år på rad, etter ein topp på 54,8 millionar tonn i 2004, og Vadheim oppmodar alle bedriftsleiarar til å gjera sitt for å hindra utslepp av klimagass.
Miljø- og energikomiteen på Stortinget uttalar at sjølv om den nye utviklinga i brusmarknaden ikkje skulle vara, er dette ei mogelegheit som verdssamfunnet bør utnytta. Mineralvassindustrien er rett nok ein tung industri med 8,2 millionar tilsette på verdsbasis, men her bør det vera mogelegheiter for å endra forbrukarvanene mot ein sunnare livsstil, seier leiar Gunnar Kvassheim.
Send inn foto frå den flotte og kalde vinteren vår til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982
Les meir
Nye kommentarar