SOGNDAL: – Eg er eit stort smil. Ein million kroner i billettomsetning og 7.000 personar på arrangement gjer at Martin Lauten kan pusta ut etter to hektiske veker med Veka.
Etter siste konsert med Kaizers Orchestra laurdag var det klart at billettsalet har nådd målsetjinga.
– Over 5.000 har kjøpt billettar, eg føler me har fått vist kva me kan få til og opna Meieriet for andre enn berre studentar, seier avtroppande Veka-general.
Fylkeshappening
Åtte av arrangementa under årets Veka har vore utselde og med andre arrangement, som barneskirenn, reknar dei med at 7.000 har vore innom Meieriet under Veka. Lauten er nøgd med å ha lokka folk frå heile fylket til konsertscena.
Fleirdobla budsjett
Økonomisk gjekk Veka omtrent i null.
– Me sit og reknar no, det er snakk om pluss-minus ein tusenlapp. Det er nesten historisk, seier Lauten.
Veka skal vera eit nullprosjekt, der det ikkje er kalkulert med store overskot. Men Lauten trur dei har treft godt med estimeringa av tal publikum på dei ulike arrangementa.
– Budsjettet har vore tredobla i år, me har selt billettar for rundt ein million, det er mykje meir enn tidlegare år. Så har me hatt flaks med fleire noregsturnéar, som Kurt Nilsen, Kaizers og at me fekk DDE før andre studentveker.
Bildeseriarar frå Veka'80:
Konsert med Kurt Nilsen. Eva Weel Skram varma opp.
DDE ryddar opp etter at bilen køyrde i grøfta
Konsert med Madcon og Erik og Kriss
Bordhockeyturneringa Veka Open
Nye kommentarar