137 cruiseanløp til Flåm i sommar

FLÅM: Talet på cruiseskip til Flåm i sommar aukar, men tonnasjen og talet passasjerar blir om lag som i fjor.

Publisert 02.03.2008 kl 23:00 Oppdatert 02.03.2008 kl 18:53

Tips ein venn på e-post:


...
FLEIRE: 137 cruiseanløp er meldt inn til Flåm i sommar. Det er ni fleire enn i fjor.

I 2007 hadde hamna i Flåm 128 cruiseskipanløp. I år aukar talet med ni til 137.

– Me hadde ei stund 142 bestillingar på blokka, men nokre av operatørane hadde dobbelbooka, seier hamnesjef John Erik Johnsen.

Flata ut

I fjor la færre cruiseskip turen til Flåm enn året før, men tonnasjen og passasjertalet gjekk kraftig opp. Trass i fleire skip til sommaren vil tonnasjen og talet på passasjerar bli om lag som i fjor.

– Me hadde veldig vekst på tonnasjen i fjor, slik at det på den sida ser ut til å flata ut. Eg trur me vil liggja på same nivået i år som i fjor. Også på passasjertalet, seier Johnsen, og viser til at ein av dei mest aktive cruisereiarlaga, italienske Costa, i år vil koma med same tal, men litt mindre båtar.

Avskjedstur

2008-lista inneheld mange kjende namn, mellom andre "Queen Elisabeth". Skipet har Flåm som hamn på det siste cruiset før det legg til kai for godt, for å gjera jobben som flytande hotell.

– Me får i tillegg besøk av to heilt nye skip av året. Cruisesesongen ser lovande ut, meiner Johnsen.

Tryggleik som før

Det har vore snakka og skrive mykje om tryggleikskrava dei norske hamnene med internasjonal trafikk må innfri. Desse har gitt utfordringa også til hamna i Flåm, men i år ligg det ikkje an til dei store endringane.

– Det ser ikkje ut til å bli endringar frå opplegget i fjor. Me har søkt Kystverket om å setja opp fullstendige gjerder rundt hamna og behalda skigarden. Den søknaden har me ikkje fått svar på enno, seier Johnsen.

På framsida no


...

Tok kommandoen etter pausen

Bjørnar og Jotun veksla på å ta leiinga i 1. omgang og laga gjekk til pause på stillinga 12–13 til gjestene.

...

Køyrde av vegen

Politiet fekk melding om at ein bil hadde køyrd av vegen ved Høyheimsvik i Luster.

...

Thriller i Årdal

Det vart dramatikk til siste sekund i lagnadskampen mellom Årdal FK og Tornado Måløy.

Dramatiske sluttsekund

Sjå film frå dei siste sekunda før Årdal FK kunne sleppa jubelen laus.