Internasjonale Ungdomskulen

SOGNDAL: Direkte frå Manchester kjem Ungdomskulen til Meieriet i morgon kveld. Mange trur dette blir vårt neste nye verkeleg store internasjonale namn.

Publisert 26.02.2008 kl 23:00 Oppdatert 27.02.2008 kl 14:39

Tips ein venn på e-post:

...
TIL SOGNDAL: Bandet Ungdomskulen. Foto: Veka

Ungdomskulen startar showet når Zoom Urørt-turneen gjer svingen innom Sogndal og Meieriet i morgon kveld.

– På desse turneane er det vanleg at den lokale arrangøren inviterer eit lokalt band til support. Me har i år invitert Ungdomskulen, som kjem frå fylket. Dei vann riksalarmprisen 2007 og har fått kanonkritikkar i mange anerkjende musikkmagasin verda over. I løpet av dei siste månadane har Ungdomskulen turnert i USA og deler av Europa, fortel Eivind Nordvik Hauge, PR-sjef for Veka.

Enkel sound

Ungdomskulen er samansett av tre unge menn, Frode Flatland, Kristian Stockhaus og Øyvind Solheim. Det er avgjort eit band med ein spesiell sound, basert på bass, trommer og gitar.

Bandet har sitt utspring i det spennande rockemiljøet i Bergen og seier, ifølgje Nordvik Hauge, at dei verkeleg gler seg til å spela i Sogndal torsdag.

På årets Zoom Urørt-turné finn ein Zoom Urørt-vinnarane Gerilja og Sigh & Explode. Gerilja er eit band som har røtene sine i Glamrock, men som hentar inspirasjon fra mange sjangrar.

Sigh & Explode blir skildra som eit scremo/hardcore-band og er i same landskap som JR Ewing, Refused og At The Drive In.

Bonus

Fredag opnar Kurt Nilsen sin Noregsturné på Meieriet og laurdag kveld kjem rosina i pølsa for mange, Kaizers Orchestra, som startar sin omfattande Noregsturné kvelden før, i Bergen.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.