DDE-transporten i grøfta

SOGNDAL: Bilen som skulle henta DDE på Haukåsen, køyrde av vegen. Sjå video og bilete!

Publisert 26.02.2008 kl 15:51 Oppdatert 27.02.2008 kl 10:52

Tips ein venn på e-post:

Adobe Flashplayer må vere installert i nettlesaren din og Javascript må vere aktivert for at du skal kunne sjå video.
DDE i grøfta

DDE sin video frå redningsaksjonen.

...
Bjarne Brøndbo trør til etter at bilen hadde køyrt av vegen. Foto: Privat

På veg til Haukåsen for å henta DDE, som skal spela på Meieriet i kveld, køyrde PR-sjef Eivind N. Hauge av vegen i siste svingen før flyplassen. Hauge opplyser at han var noko stressa då han høyrde at flyet ville landa før tida.

DDE rydda opp

Ingen vart skadd i utforkøyringa, men bilen stod fast i brøytekanten. Bjarne og Co kom raskt til staden og rydda opp.

Alle hitane

DDE er no trygt plassert på hotellet der dei planlegg kveldens konsert. Dei lovar eit langt show som inkluderer alle hitane, og det er framleis nokre billettar att, vert det opplyst frå PR-sjefen.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.