Lærdalslandskap i Oslo

LÆRDAL: Kunstfotograf Jens Hauge opnar utstilling på prestisjetunge Kunstnerforbundet i Oslo.

Publisert 11.01.2008 kl 11:53 Oppdatert 11.01.2008 kl 11:53

Tips ein venn på e-post:

...
NÆRLEIK: Jens Hauge er fødd og oppvaksen i Lærdal og har mental og geografisk nærleik til landskapet han arbeider i. Foto: Kunstnerforbundet

Det er andre gong fotografen, som ofte har kulturlandskapet som tema i motiva sine, stiller ut i Kunstnerforbundet.

Utstillinga, som opnar laurdag, rommar 14 store veggbilete og 40 små bilete som portefolio.

Kunstnarstyrt

– Det er alltid kjekt å få stilla ut. Utstillinga føregår på bakgrunn av søknad og få får utstilingsplass. Spesielt kjekt er det sidan eg hadde utstilling der i 2003 også, seier Jens Hauge.

Morten Johan Svendsen er direktør i Sogn og Fjordane ved Sogn og Fjordane kunstmuseum og meiner at det å stilla ut ved galleriet der kunstnarar sjølv bestemmer kven som skal stilla ut, vitnar om anerkjenning.

– Kunstnerforbundet er eit av Noregs mest etablerte galleri og er kunstnarstyr. Dette er eit prestisjetungt galleri, seier Svendsen.

Hauge stilte ut bilete i Kunstnarforbundet for fem år sidan. Det er ikkje vanleg at kunstnarar får stilla ut på galleriet så snart.

– Det går gjerne ti år mellom kvar gong, og nokre kunstnarar stiller ut der berre ein gong. Men nokon viser at dei held ein stabil produksjon og får stilla ut fleire gonger, seier Svendsen.

Fotograferer nærmiljøet

Han meiner svart-kvitt-fotoa til Hauge har symbolikk og at ein kan fornemma at kunstnaren har fanga nærmiljøet sitt i bileta.

– Det er allmenngyldige historier frå nærmiljøet. Medan andre reiser verda rundt for å fotografera, går Hauge opp i bakkane like ved huset sitt. Ein kan ikkje sjå at bileta er tekne i Lærdal, men ein kan fornemma det, seier Svendsen.

Hauge er sjølvlært og har fotografert sidan 1971. Etter debuten i 1976 har han jamnleg stilt ut på galleri i inn- og utland.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.