LÆRDAL: Borgund besøkssenter er valt ut av prestisjefylte Phaidon Atlas som eitt av dei mest framragande bygg i det 21. århundre.
– Det er prestisjefylt at besøkssenteret vårt har hamna i eit så
celebert selskap, seier Eli-Sofie Thorne, eigedomssjef i Fortidsminneforeningen. Thorne er både glad og stolt over at det verdsleiande forlaget meiner stavkyrkjemuseet er så særprega at det får plass på den celebre lista.
Perler
Phaidon Press er eit verdsleiande forlag med kontor i London, Paris, Berlin, Barcelona, New York og Tokoyo, og er rost over heile verda for utgjeving som dekkjer kunst, foto, design, kunst og film.
Stavkyrkja i Borgund bygd kring 1180 er den mest særmerkte av norske stavkyrkjer, og turistar har valfarta til stavkyrkja.
– Vel 800 år skil dei to bygga. Med besøkssenteret har me både gamalt og nytt, og det er flott også det nye bygget vert lagt merke til. Eit senter som innordnar seg landskapet og kyrkjene. Kyrkjene skal vera perler, og no har me fått ei ny perle i området. Eg tykkjer det er flott at også besøkssenteret vert lagt merke til, seier Thorne.
Eit paradoks
– Besøkssenteret for Borgund stavkyrkje har fått mykje merksemd. Det har vore representert på norsk samtidsarkitektur 2000 – 2005. No er det londonbaserte forlaget som har plukka senteret ut til ein plass på lista over verdsarkitektur i det 21. arkitektkontoret. Veldig hyggjeleg at bygget vert lagt merke til utanfor Noreg sine grenser, seier arkitekt Niels Marius Askim i Askim Lantto Arkitekter AS.
– Besøkssenteret er bygd for ikkje å ta luven frå stavkyrkja, men bygget vert lagt merke til likevel.
– Eit paradoks at eit bygg som skulle tre tilbake for stavkyrkja, og det fungerer godt. Det har andre òg sett. Stavkyrkja har fått att sitt opphavlege rom, og det var eit godt grep å saga ned bjørkene ved kyrkjegardsmuren, seier arkitekt Niels Marius Askim
Nærkontakt
Besøkssenteret ved Borgund stavkyrkje opna sommaren 2005, og er bygt for å avlasta stavkyrkje, og slik hindra slitasjen på. I senteret er det utstilling ikkje berre om Borgund stavkyrkje, men alle dei 28 stavkyrkjene. Utstillinga viser også stavkyrkjene sin innverknad i det religiøse livet i mellomalderen, og gjev dei besøkjande nærkontakt med mellomalderkunst.
– Fungerer besøkssenteret slik det var tenkt?
– Me ser at me ikkje har vore flinke nok til å marknadsføra kafeterian vår, men me er særs godt nøgd med sesongen. Turistane finn fram til stavkyrkja også etter at E16 er lagt i tunnel forbi stavkyrkja, seier Eli-Sofie Thorne.
Nye kommentarar