KJØSNESFJORDEN: Samferdsleminister Liv Signe Navarsete grov i gang det første "spataket" på å sikra vegen i Kjøsnesfjorden.
– Det er ein solskinsdag same kor mykje det regnar, sa Navarsete før ho i går sette seg inn i førarhuset på gravemaskinen, styrde spakane med sikker hande og grov i gang rassikringsprosjektet på den rasfarlege Rv. 5 ved Lundevassenden inst i Kjøsnesfjorden.
To år
Med det startar no arbeidet med å få ein sikker veg på den viktige ferdselåra mellom nord og sør i fylket.
– Det har ei vore ei utfordring med planlegginga og arbeidet som skal gjerast, på grunn av rasfaren. Berre der det er står hus, er det sikkert, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen, som reknar med at tunneldrifta kan starta i oktober.
Arbeidet som no startar utgjer til saman 3.400 meter ny veg. Av dette er2. 620 meter tunnel, og om lag 780 veg i dagen. I tillegg skal eksisterande veg i stigningane opp mot Fjærlandstunneen sikrast med fire rasvollar av ulik storleik. Desse rasvollane vert bygd med stein frå tunnelen og frå andre overskotsmassar på anlegget.
Den nye tunnelen (Støylsnestunnelen) vil ein unngå den rasutsette strekninga mellom Lundevassenden og eksisterande rasoverbygg ved Føreneset.
Arbeidet er kostnadsrekna til 220 millionar kroner. Det skal stå ferdig hausten 2009.
Nye kommentarar