FRESVIK: Fresn tok av og 400 glade stemnefjes strålte i kapp med regnbygene under Fresvikbreen. Bygda viste seg endå ein gong som den perfekte vertsskapen for rockefolket.
Den våte ramma om bandmønstringa på Skau gard dempa såvisst ikkje gløden i det unge publikummet.
– Me er svært godt nøgde, seier Lars Tore Skau, som styrde stemnetrafikken på farsgarden i helga. Han kan godt vera nøgd, til arenaen på Skau kom også bygdas folk. Dei var både 35, 45 og 65 år gamle, og dei hadde ein kjempekveld.
Turka opp
I går var staben i sving med å rydda.
Fire paller øl gjev ein god del tomgods, men rockefolket hadde slept frå seg det meste på dei tilviste pantestasjonane.
– Men vêret var ikkje patent, kva blei erfaringen?
– Laurdagen var ikkje så ille, folk brydde seg ikkje om bygene, det blei også litt betre ut på kvelden, seier Lars Tore Skau, og gledde seg over at søndagen blei ein høveleg dag for turking. Då kom sola fram og både deltakarar og arrangørar fekk lufta seg.
På'n att i 08
– Blir det ei ny mønstring neste år?
– Eg reknar med at me prøver til att, me har i alle fall ikkje plana om anna, seier sonen på garden.
Han kan i alle fall kaldt rekna med at 400 kjem att. Dei representerer nok ryggraden til Fresn i åra som kjem. Men no skal arrangøren setja seg ned og rekna på årets mønstring. Etter planen skal det gå i null, dei små inntektene som ligg til grunn, skal balanserast mot dei små utgiftene.
Inga klager
– Me sit att med nokon t-skjorter, seier Lars Tore Skau, men trur reknestykket skal gå opp likevel.
– Inga klage frå bygda?
– Nei, tvert i mot, den einaste merknaden som er komen inn går meir i retning av at lydnivået kunne vore høgre, men på arenaen høyrde me meir enn nok, seier Fresn-sjefen, den eine av eit kollektiv på fire festivalsjefar.
Les meir om festivalen i papirutgåva av Sogn Avis måndag og tysdag.
Nye kommentarar